Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Applestone Meat Company kan ein kjøpe lokalt kjøt frå automatar 24 timar i døgnet. Foto: Jennifer May/Applestone Meat Company
Applestone Meat Company kan ein kjøpe lokalt kjøt frå automatar 24 timar i døgnet. Foto: Jennifer May/Applestone Meat Company

Her kan ein kjøpe lokalt kjøt døgnet rundt

I 2016 opna Applestone Meat Company to døgnopne utsalsstader med kjøt i kjøpeautomatar. Det er dei glade for no.

Joshua Applestone (50) hadde ingen intensjonar om å skape ein så godt som pandemi-sikker måte å kjøpe kjøt på, men det var akkurat det han gjorde då han i 2016 begynte å tilby kjøtkjøp frå salsautomatar i butikkane sine.

Applestone Meat Company har to utsalsstadar i Hudson River-dalen i New York i USA. Dei er opne 24 timar i døgnet. Der sel dei økologisk kjøt frå dyra til lokale bønder.

Det var The New York Times som fyrst skreiv om Applestone.

– Då eg selde den tidlegare forretninga mi Fleischer's Grass-Fed and Organic Meats i 2013 så var eg ikkje heilt sikker på kva eg ville gjera i neste omgang. Det eg visste var at eg ville hjelpe bønder med å slakte dyra deira på ein måte som gjorde at dei kunne tene meir pengar, fortel Applestone.

Joshua Applestone står bak Applestone Meat Company. Foto: Richard Smith/Applestone Meat Company
Joshua Applestone står bak Applestone Meat Company. Foto: Richard Smith/Applestone Meat Company

Ville eliminere stress

Då han gav seg med Fleischer's, var folk stadig på døra hans for å spørje om han selde kjøt på andre måtar.

– Eg ville ikkje ha ein vanleg butikk der ein sel kjøt over disken. Det er hardt arbeid, og der må ein ha opningstider som ikkje alltid er like greie. At folk jobbar frå klokka ni til klokka fem er ein vits, seier Applestone.

Han fann ut at han ville eliminere eit vanleg stressmoment frå kvardagane til folk.

Annonse

– Nemleg det at dei må forte seg innom slaktaren før den stenger. Då eg visste desse to tinga: at eg ikkje ville ha ein disk og at opningstidene måtte vera lettvinne for alle, kom eg fram til at eg måtte få til ein ansiktslaus kjøpemåte. Dei er framtida, seier Applestone.

Salsautomatane dei brukar er inspirerte av gamle automatar som blei bruka i restaurantar på Manhattan og Pennsylvania då Applestone sjølv var liten.

– Eg hugsar så godt dei få gongene eg fekk prøve dei, fortel Applestone.

– Me sel så mykje kjøt at det ikkje er til å tru. Me opnar endå eit pakkeri no, og doblar slik sett arbeidskrafta og skapar nye jobbar, seier Joshua Applestone. Foto: Jennifer May/Applestone Meat Company
– Me sel så mykje kjøt at det ikkje er til å tru. Me opnar endå eit pakkeri no, og doblar slik sett arbeidskrafta og skapar nye jobbar, seier Joshua Applestone. Foto: Jennifer May/Applestone Meat Company

Nye arbeidsplassar

I dei to butikkane er det no fire automatar i kvar. Ein for storfekjøt, ein for svin, ein for kylling og ein for sau. Ein vel enkelt kvar ein vil ha, og så betalar ein med kort.

– Eg er ein kjøtmann. Eg veit korleis ein sel kjøt. Men eg hadde inga aning om at koronaviruset skulle kome. Fyrste veka i mars begynte salet å gå opp. Før dei andre kjøtbutikkane begynte å stenge var me alt på god veg oppover. Då folk begynte å hamstre blei det svært travelt i butikkane våre, seier Applestone.

No slaktar dei sju dagar i veka.

– Me sel så mykje kjøt at det ikkje er til å tru. Me opnar endå eit pakkeri no, og doblar slik sett arbeidskrafta og skapar nye jobbar.

Applestone innrømmer at han trudde det kom til å ta ei stund før samfunnet blei vane med den nye måten å handle kjøt på, men at den uventa pandemien har vist kor nyttige dei kan vera.

– I denne tida er dei den perfekte løysinga. Mykje teknologi gjer ting meir kompliserte for folk. Men desse automatane? Dei er her for å hjelpe oss, seier Applestone.

Neste artikkel

Utviklingsfondet: – Må velge mellom sult eller korona