Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Heimebrent kaffitrend

På få år er talet på kaffibrenneri i Noreg fordobla. Mikel Duijnisveld starta kaffibrenneri i garasjen.

NYBRENT: Kaffen er ferdig brent og helles ut på risten til avkjøling.   FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix /
NYBRENT: Kaffen er ferdig brent og helles ut på risten til avkjøling. FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix /

Kvar fredagsmorgon siv lukta av nybrente kaffibønner ut av garasjen til Mikel Duijnisveld.

– Draumen er å kunne leve av dette, seier han.

Førebels er kaffibrenning under namnet Mikel's Kaffeverksted berre ein ekstrajobb. Kvar fredag har han fri frå jobben som serviceteknikar, og tuslar ut i den påbygde garasjen på Skedsmokorset for å brenne spesialkaffi til kaffibarar og privatkundar.

– Eg liker utfordringa i å heile tida lage eit betre produkt. Det er alltid noko i brenneprosessen ein kan justere på for å hente fram andre nyansar i smaken, fortel han.

Mikel er ikkje åleine om å starte kaffibrenneri i det små. På fem år er talet på kaffibrenneri i Noreg meir enn fordobla.

– For 5–6 år sidan var det rundt 30 kaffibrenneri i Noreg. No er det nærare 80, fortel kommunikasjonssjef i Norsk Kaffeinformasjon, Bjørn Grydeland.

Det finst no kaffibrenneri i alle fylka i landet, og det blir brent kaffi heilt frå Alta i nord til Søgne i sør. Flest brenneri har naturleg nok Oslo, men sjølv eit tynnare folkesett fylke som Nordland har heile åtte kaffibrenneri.

KAFFESMAKING: På Langøra Kaffebrenneri i Stjørdal smakes det på ulike varianter av nybrent kaffe.  FOTO: Kristian Helgesen /
KAFFESMAKING: På Langøra Kaffebrenneri i Stjørdal smakes det på ulike varianter av nybrent kaffe. FOTO: Kristian Helgesen /

Auka kaffiinteresse

Ifølgje Grydeland heng auken i talet på kaffibrenneri saman med ei generell auka interesse for kaffi.

– Sidan dei første kaffibarane kom for 20–25 år sidan, har interessa blant nordmenn for kaffi stadig utvikla seg. Folk er meir opptatt av kaffi som råvare, kvar han kjem frå og korleis han blir laga, seier han.

Samtidig har nordmenn vorte meir opptatt av kortreist mat.

– Mange av dei nye kaffibrenneria er lokalt forankra, og leverer hovudsakleg til lokale butikkar og restaurantar, seier Grydeland.

Ein av dei som satsar lokalt, er Johan Helstrøm Jørgensen, som driv det som sannsynlegvis er det nordlegaste kaffibrenneriet i verda i Alta.

– 90 prosent av kundane er lokale, enten bedrifter, kafear eller privatpersonar, seier han.

Jørgensen Kaffebrenneri fekk sin spede start ved at Jørgensen byrja å brenne kaffibønner i steikomnen.

– Det var såpass artig at eg bestemte meg for å kjøpe ordentleg utstyr og starte med brenning for sal. I tillegg var timinga god – vi skulle nemleg bygge hus, så då kunne vi utvide huset med eit eige rom for kaffibrenning, seier han.

RÅVARER: Mikel Duijnisveld kjøper inn sekker med kvalitetskaffe i Nederland.   FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix /
RÅVARER: Mikel Duijnisveld kjøper inn sekker med kvalitetskaffe i Nederland. FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix /
Annonse

Lett tilgjengeleg utstyr

For Mikel i Mikel's Kaffeverksted vakna den store kaffiinteressa då han fekk seg ei espressomaskin. Etter kvart kjøpte han ein liten kaffibrennar.

– Eg byrja med ein liten brennar i bua, som stadig vart bytt ut med noko større, fortel han.

I dag er garasjen utvida for å gi plass til ein stor, profesjonell brennar.

– Utstyret har vorte såpass tilgjengeleg at det er mange som brenn berre for moro skuld. Du får brennarar som er så små at du kan setje dei på kjøkkenbenken, fortel han.

For Yngve Wik Ydersbond i Maridalen Brenneri starta brenneinteressa med ei ombygd popkornmaskin, eit lågbudsjettalternativ for dei som vil brenne bønnene sjølv.

– Eg hadde nokre kameratar som også brann kaffi i popkornmaskiner. Det eine førte til det andre, og det enda med at vi var seks kameratar som starta kaffibrenneri i garasjen min, fortel han.

Målet var å lage den beste kaffien.

– Vi brenn berre bønner av aller høgste kvalitet, bønner som etter poengsystemet i bransjen scorar frå 86 og oppover, fortel han.

Brenneriet har 130 abonnentar som får tilsendt nybrent kaffi to gonger i månaden, i tillegg til at dei leverer til nokre faste utsalsstader. Rike har dei likevel ikkje vorte.

– Førebels har vi ikkje tatt ut ei krone i lønn. Men vi har det veldig moro undervegs. No har vi til dømes akkurat bygd ei pakkemaskin, fortel han.

TRANSPORT: Mikel bærer ferdig pakkede poser med nybrent kaffe ut i bilen for å transportere dem ut til kundene.   FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix /
TRANSPORT: Mikel bærer ferdig pakkede poser med nybrent kaffe ut i bilen for å transportere dem ut til kundene. FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix /

Brenning på deltid

Grydeland i Norsk Kaffeinformasjon fortel at det er eit mindretal som lever av kaffibrenninga åleine.

– Dei fleste av dei som har starta opp dei siste åra, har annan jobb ved sida av. Det kan vere krevjande å skaffe nok kundar, kaffibarkjedene har til dømes allereie sine eigne brenneri eller faste leverandørar. Men nokre av dei som starta opp for 10–15 år sidan, driv lønnsamt og har fleire tilsette, påpeikar han.

Spesialkaffi er framleis ein liten nisje i Noreg, over 90 prosent av kaffien kjem frå dei tre store produsentane Joh. Johannson, Jacobs Douwe Egberts og Kjeldsberg.

Mikel Duijnisveld håper fleire vil få smaken på kvalitetskaffi.

– Eg vil aldri kunne konkurrere med dei største brenneria på pris. Men eg håper fleire kan få auga opp for at det er verd å betale litt ekstra for god kaffi, på same måte som ein betaler for ei god flaske vin, seier han.

HYGGE: Mikel Duijnisveld tilbringer hver fredag i varmen fra kaffebrenneren. Målet er å lage et stadig bedre produkt.   FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix /
HYGGE: Mikel Duijnisveld tilbringer hver fredag i varmen fra kaffebrenneren. Målet er å lage et stadig bedre produkt. FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix /

Neste artikkel

Nationens julequiz 2