Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Ein flokk walisiske kasjmirgeiter har tatt over dei folketomme gatene i kystbyen Llandudno den siste veka. Foto: Scanpix/Pete Byrne/PA via AP
Ein flokk walisiske kasjmirgeiter har tatt over dei folketomme gatene i kystbyen Llandudno den siste veka. Foto: Scanpix/Pete Byrne/PA via AP

– Geitene styrer Llandudno no, og me må berre akseptere det som eit faktum

I den walisiske kystbyen Llandudno er gatene folketomme, men fulle av ville kasjmirgeiter. Dei lever livets glade dagar medan innbyggarane er i «lockdown».

I mange byar har folketrykket minka vesentleg dei siste vekene. Gatene er nesten tomme. Bilane er færre. Fuglesongen fyk gjennom lufta og inn dei opne vindauga våre og minner oss om at det framleis er ei verd der ute.

Menneske kan som me alle veit både smitte og bli smitta av koronaviruset. Jordbuarar som ikkje kan det, derimot, er dyr. Så kva passar vel betre enn at dei tar over dei folketomme gatene?

Ingen stad i byen er trygg for dei svoltne og rampete geitene. Foto: Scanpix/Pete Byrne/PA via AP
Ingen stad i byen er trygg for dei svoltne og rampete geitene. Foto: Scanpix/Pete Byrne/PA via AP

Tysdag kunne me lese om bjørnen i Barcelona og pumaen i Santiago. Ein annan stad i verda har ein flokk med ville kasjmirgeiter – som til vanleg bur på kalksteinsodden Great Orme på nordkysten av Wales – tatt turen ned frå fjella og inn i nabobyen Llandudno. Der er dei om lag 15.000 innbyggarane i såkalla «lockdown».

Den vakre walisiske kystbyen – kjent som «the Queen of Welsh resorts» – er ein populær feriestad for turistar – og no også for desse geitene, skriv The Guardian.

Ei avslappa kasjimirgeit på handletur i Llandudno. Foto: Scanpix/Pete Byrne/PA via AP
Ei avslappa kasjimirgeit på handletur i Llandudno. Foto: Scanpix/Pete Byrne/PA via AP

Hekk til nattmat

Andrew Stuart, som jobbar som videojournalist for Manchester Evening News, har filma og oppdatert omverda om geitenes bykapring på Twitter sidan 27. mars.

Den fyrste videoen hans viser geitene eta nokre hekkar til nattmat. Han trudde fyrst at han såg feil, men så viste det seg at det var heilt sant: Ein flokk geiter spring rundt i byen hans.

Stuart skriv at han ringde politiet for å få dei til å jage dei firbeinte turistane. Dette kan sjå ut til å ha terga geitene, som to dagar seinare dukka opp i fullt dagsljos, utan så mykje som ei beklagande mine.

Annonse

– Dei er tilbake no, og dei samlar seg i flokkar … skreiv Stuart på Twitter.

Folkesky dyr

Kasjmirgeitene er sjeldan i nærleiken av byen til vanleg.

– Dette viser kva det handlar om, skriv Stuart under eit videoklipp av at geitene fortar seg forbi han når dei får auge på han.

– Dei er redde for meg. Dei likar ikkje folk. Dei kjem vanlegvis berre ned frå odden når det er mykje vind, og berre til gatene lengst opp i byen. No som gatene er tomme så går dei lenger enn nokon gong.

Videojournalisten har endra meining om geitene etter at han prøvde å melde dei til politiet for ei veke sidan.

Han seier at han har innsett at «geitene styrer Llandudno no, og me må berre akseptere det som eit faktum».

I dagane sidan har geitene dukka opp kvar dag. Dei et hekkar og buskar, og dei kosar seg i sola på kyrkjegarden.

– Dei er her framleis. Dei bur her no, trur eg, skreiv Stuart tysdag ettermiddag.

Så står det berre att å sjå kor lenge herredømmet deira vil vare.

Kasjmirgeitene held seg vanlegvis på kalksteinsodden Great Orme utanfor byen. Foto: Scanpix/Pete Byrne/PA via AP
Kasjmirgeitene held seg vanlegvis på kalksteinsodden Great Orme utanfor byen. Foto: Scanpix/Pete Byrne/PA via AP

Neste artikkel

Mattilsynet på inspeksjon vil ikkje svare på koronaspørsmål