Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gamle tre som har noko å fortelje

Det finst tre her i landet som har opplevd både vikingtida, svartedauden, danskekongar og verdskrigar. Men folk flest veit ikkje så mykje om dei.

Omtrent midt på Varaldsøy i Kvinnherad i Hordaland står eitt av Noregs eldste tre, ei barlind som kanskje er nesten tusen år gammal. Kjempa er 13 meter høg og har ein omkrins på 5,6 meter. Barlind er blant treslaga som blir eldst i Nord-Europa. Piler frå barlind er blitt brukt til å drepe, men stoff i treet inneheld også ein type cellegift som blir brukt i kreftmedisin. Trevirket er slitesterkt og nytta i trebåtar. Den store barlinda på Varaldsøy har derimot stått i fred i fleire hundreår og er i dag verna. Foto frå boka: Stig B. Hansen

– Alle tre har ei historie, og eg har prøvd å grave fram kva som har skjedd rundt dei, seier forfattar Ole Mathismoen.

Kulturhistorisk natursti

I Noreg finst det om lag ti milliardar tre. Desse fordeler seg på 38 ulike artar. Ole Mathismoen og fotograf Stig B. Hansen har plukka ut over tretti tre frå ulike kommunar rundt om i landet og fortel historia deira i tekst og bilete i boka «Trettitre norske trær og hva de har vært vitne til». Vi får vere med på ein slags kulturhistorisk natursti blant lind, furu, gran, ask, alm, eik, gravenstein, poppel, hengebjørk, hickory, hestekastanje, magnolia, barlind, bøk, tempeltre, blodbøk med fleire.

– Det har vore skrive bøker om skogar, parkar og treslag i Noreg før, men knapt nokon handlar om enkelttrea våre. Det er lett å la seg fascinere av tre-skattane som finst i andre land og gløyme våre eigne. Men her i Noreg har vi også urskog og eldgamle tre. Vi har faktisk nokre heilt herlege eksemplar med fine historier, seier Ole Mathismoen til Nynorsk pressekontor.

Mange av dei har spelt ei rolle i noregshistoria. Nokre har skjult både tjuvar og prestar, andre har vore «postkasse» for hemmelege beskjedar eller har halde tauet når folk vart hengde.

I Skånevik i Etne i Hordaland står asketre som er nokre hundre år gamle. Segna seier at vestlandshekser samla seg her for å danse med djevelen. Men dei gløymde tida og då sola stod opp vart dei til asketre. Hundrevis av askehekser står no ned mot Tungesvikstranda ved Åkrafjorden.Foto frå boka: Stig B. Hansen

Mange portrettobjekt

Historiene til desse trea har Mathismoen bygd opp frå mange kjelder. Det er blitt leita i gamle bygdebøker, hos historielag, i arkivet til Nasjonalbiblioteket, i gamle aviser og ikkje minst blitt lytta til tips frå fagfolk og meinigmann rundt om i landet. Dette har også vore jakta på dei ikoniske trea til dei nasjonalromantiske kunstmålarane våre.

Annonse

– Det første fotografen og eg gjorde var å leite etter kandidatar. Vi har vurdert over 200 moglege portrettobjekt. Vi har prøvd å finne dei mest morosame og varierte historiene. Det har vore viktigare enn geografisk fordeling eller at flest mogleg treslag skulle vere med, seier Mathismoen. Bokprosjektet synest han har vore ei spennande reise full av overraskingar.

Noregs største “kastanjetre” står på Haugerud gard i Holstad på Ås i Akershus og er om lag 250 år gammalt. Dette er eit hestekastanjetre, og er ikkje i slekt med ekte kastanjetre med etande nøtter. Forstavinga “hest” er litt nedsetjande og fortel truleg at dette er eit slags annanrangs tre. Nøttene til hestekastanjen smakar nemleg ikkje godt. Det var veldig populært å importere slike tre på 1700-talet som parktre på storgardane. Truleg er Haugerud-treet Noregs siste rest av denne storimporten.Foto frå boka: Stig B. Hansen

Kjærleikserklæring

– Eg er blitt stolt på Noreg sine vegner når eg har sett kor mange flotte tre vi faktisk har. Natur har alltid vore viktig for meg. Men det å bli kjent med enkelttrea som er med i denne boka har gitt meg ny naturglede. Tre symboliserer dessutan mykje meir enn natur – dei er historie, overtru, makt og religion. Denne boka er blitt ei kjærleikserklæring til norske tre frå fotograf Stig B. Hansen og meg. Og vi vil slik bevisstgjere kor viktig det er å ta vare på både skogen og enkelttrea våre. Det er når ein er blitt skikkeleg glad i naturen at ein tek vare på han, seier forfattar Ole Mathismoen.

Ei kjempestor eine, også kalla sprake, som kan vere mellom 400 og 500 år gammal, står på Osland i Bjordal i Høyanger. Dette er kanskje Sogns eldste levande organisme. I 2007 målte eineren 18 meter og hadde ein omkrins på 255 cm.Foto frå boka: Stig B. Hansen

Eit 150 år gammalt tempeltre (eller ginkgotre) står  i Botanisk hage i Oslo. Treet tåler tørke like bra som styrtregn, og luftforureining er ikkje noko problem. Slektningar av arten vaks på jorda for 200 millionar år sidan då dinosaurane vandra rundt. I dag finst det ginkgotre i Kina som er over 2000 år gamle.Foto frå boka: Stig B. Hansen

På Østgården like ved Gvarv i Sauherad i Telemark står fire om lag hundre år gamle klenodium: gravensteintre med gulraude eple. Stortsett er det den foredla varianten av raude eple som er å få kjøpt i butikkane no til dags. Dei gamle gravensteintrea i Gvarv vart truleg poda i 1919 på røter frå villepletre. Namnet gravenstein kjem frå Gråsten slottshage i Sønderjylland. I 1669 heitte slottet Grauenstein.Foto frå boka: Stig B. Hansen

Store hengebjørker er nærast eit symbol på Nesbyen i Hallingdal. Mange av dei er mellom 150 og 250 år gamle og har slik sett sitt preg på bygda i fleire generasjonar. Hengebjørk tåler varme og frost svært godt. Nesbyen har både varmerekordar for Noreg og kulderekordar for Buskerud.Foto frå boka: Stig B. Hansen

Gammelasken ved klosterruinane på Halsnøy i Kvinnherad er minst 550 år gammal, og eitt av dei eldste asketrea i landet. Klosteret hadde ein eigen askehage for å få råstoff til medisinar som klosterbrørne laga. Askebrygg skulle hjelpe mot mange lidingar.Foto frå boka: Stig B. Hansen

Neste artikkel

Stor måling peker mot tory-seier