Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frå og av Lofoten for evig og alltid

Det finst dei som ikkje snakkar så mykje om staden dei kjem frå. Popartisten Sondre Justad er absolutt ikkje ein av dei.

Ved elva: Popartisten Sondre Justad beveger seg like sjølvsagt langs Akerselva i Oslo som i Lofotens vakre natur. Foto: Siri Juell Rasmussen
Ved elva: Popartisten Sondre Justad beveger seg like sjølvsagt langs Akerselva i Oslo som i Lofotens vakre natur. Foto: Siri Juell Rasmussen

Kandidat B i kåringa av Årets bygdeprofil kom som ein kvervelvind inn i den nasjonale musikkmerksemda for vel eit år sidan. Først med singlar som surra og gjekk på radio. I oktober kom plata «Riv i hjertet». Merksemda vart ikkje mindre.

Ville prøve nytt

Heimevant kjem artisten gåande over ei av bruene over Akerselva i Oslo.

Sondre Justad (25) har vakse opp i Henningsvær og Borg i Lofoten, og mellomlanda i Bodø før han kom til hovudstaden i 2014. Då tok karrieren av.

Justad trur likevel ikkje det er naudsynt å reise til hovudstaden for å få ei artistkarriere.

– Eg kjenner mange som bur i Nord-Noreg og som lever av å vere musikarar. At eg reiste til Oslo, var for å møte nye folk, og utforske eit større miljø ein periode, seier Lofot-væringen.

Han trivst i hovudstaden, og vurderer bytte leigd leilegheit med kjøpt.

Her kan du stemme på Årets bygdeprofil og lese om dei andre kandidatane.

Nordlendingar i bandet

Einsleg nordlending i storbyen er han ikkje. Det meste av mannskapet rundt han som artist er nordlendingar. Kanskje litt tilfeldig, men ikkje berre det.

Ein av grunnane til å reise til Oslo var å sette saman eit band. Resultatet vart at Justad står på scena med ein gjeng nordlendingar, og ein sunnmøring.

– Men sunnmøringen har begynt å bryte på nordnorsk dialekt når han pratar.

Justad ler.

Nei til olja

Popartisten frå Lofoten snakkar gjerne om musikk og artistlivet, men vil helst snakke om distriktspolitikk.

– Eg tek avstand mot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Han meiner oljeutbygging vil vere gambling med fiskeressursane.

– Mat er viktigare enn olje.

Les også: Årets bygdeprofil-kandidat Live Svalastog Skinnes: Brenn for Bygde-Noreg, blogg og bondebusiness

Han meiner også at Nord-Noreg vil vekse, utan olja.

– Matproduksjon på land og til vanns er viktigare å ta vare på enn å satse på olja. Ja, eg veit at eg flyg mykje når eg reiser, det tek ofte for lang tid å ta tog. Men det må vere lov å vere mot oljeboring i nord, og samstundes bruke fly.

Mot sentralisering

Engasjementet er vidare enn motstanden mot oljeutvinning i nord. For å halde aktiviteten oppe trengst det folk, og folk treng tilbod.

Han engasjerte seg i saka om nedlegging av akuttkirurgisk tilbod på lokalsjukehuset i Lofoten, og fortel om skular som heile tida er truga med nedlegging.

– Det er ikkje bra for dei som bur der.

Urettvise skilnader

Justad likar framveksten av lokalmatprodusentar, og plukkar ofte med seg lokale godbitar når han vore heime.

Det å flytte til hovudstaden har fått han til å sjå merkelege system.

– Strøm blir produsert i distrikta, likevel er nettleiga billegare i Oslo. Det er fleire slike ting som er urettferdige.

Les også: Lønning går gjerne nye veier og bryter grenser

Han snakkar med glød om oppveksten. Små forhold, oversiktleg, fritt og godt.

– Eg trur det er lettare å falle utanfor i ein by, der du ikkje er så synleg.

– Har du møtt bygdedyret?

– Nei, eg har ikkje fått negative ting heimanfrå, berre ei enorm støtte. Det skal ein ikkje ta for gitt, det er ikkje uvanleg at folk vert misunnelege. Eg føler at folk føler har eit eigarskap til prosjektet mitt.

– Meiner ikkje folk at du svikta landsdelen, då du flytta sørover?

– Nei. Men eg er heime minst ein gong i månaden, det hjelper nok.

Artikkelen held fra under videoen.

Stort publikum

Nordlendingen har alltid spela og laga musikk. Studert teater og statsvitskap.

Musikalsk trur eg at eg er prega 
av naturen, og skiftingane i vêret.

Annonse

Det er ikkje tilfeldig at det er musikk han driv på med, men han kunne også enda i teateret.

– Har du begynt å arbeide med plate nummer to?

– Eigentleg ikkje, men kanskje litt.

Les også: Bartnes har «degradert» seg selv til helgeavløser

Det er mykje anna som skjer no.

– Eg er ein sosial kar, det å skrive musikk er einsamt.

– Første albumet vart ein stor suksess, blir du då redd for at neste skal floppe?

– Nei, eg tenkjer ikkje på den måten. Det einaste å måtte vere redd for er om inspirasjonen bli borte. Eg er ein ung fyr, skal lære masse og gjere masse. Både oppturar og nedturar vil følgje. Kanskje tek eg ein pause.

Etterspurt

Nett no er det lite pausar, dagane er tettpakka. Så blir det konsert, på konsert, på konsert det handlar om.

– Og jentene hylar?

– Ja, det gjer dei. Det er veldig rart, det var eg ikkje budd på.

Den første, vesle turneen etter platesleppet vart brått stor. No står turnerunde to for tur, for å mette etterspurnaden som ikkje vart dekt i første runde.

18 konsertar, opp og ned og på kryss og tvers i heile landet. Etterpå er det klart for festivalsesongen.

Den ganske ferske, trass alt, popartisten er framleis nesten litt sjokkert over all som kjem på konsertane hans.

– Eg trudde nesten ingen hadde lagt merke til meg.

Musikk med naturpreg

Tekstane han reiser med er ikkje utprega nordnorske, dei er allmenne, handlar om kjærleik, det å høyre til og det å vere til stades i livet.

– Musikalsk trur eg at eg er prega av naturen, og skiftingane i vêret. Heime kan det vere vill storm ein augneblink, og like etter er det sol og varme.

– Må ein reise til Oslo for å få platekontrakt?

– Eg tenkjer ikkje slik, eg tenkjer at om songen er god nok, har den kraft til å leve sitt eige liv. Eg har skrive songar sidan eg var 12 år, etter mange songar var det ein som slo igjennom.

Han trur likevel det marknadsmessige sida av det å vere artist kan vere utfordrande for mange.

– Eg har vore med på diverse låtskrivarkurs opp gjennom, og der går det spørsmålet att.

Trur ikkje på Idol

Han synest det er litt rart å tenkje på at folk har eit så sjølvsagt forhold til at svaret må vere å bli med i Idol.

– Eg rår folk frå å vere med på det. Du kan få ei enorm eksponering før du eigentleg er klar for det. Det finst andre og betre arenaer. Urørt for eksempel.

Urørt er ein nettstad under NRK P3. Der kan uetablerte norske artistar og band leggje ut musikken sin, slik at andre kan høyre og spele den. Urørt plukkar også blant musikken og spelar på radio.

– Der kan ein laste ned musikken sin, uansett kvar du kjem ifrå.

– Kjem du frå ein musikalsk familie?

– Pappa spela munnspel og trekkspel, mamma tok meg med på teater. Det viktigaste var at eg fekk styre på.

Les også: Reality-stjerne med beina plantet i jussen og landbruket

På CV-en står cafehjelp på moras kafe, og avløysar på farens mjølkebruk. I same fjøset der han som svært ung låtskrivar gjekk i fôrgangen og song for kyrne, kveld etter kveld.

Han veit ikkje om han nokon gong vil flytte attende for godt, men er viss på at han vil ha ein stad i Lofoten. Med fjell, vatn, stilt og roleg.

Dermed var han attende i distriktspolitikken og oljeutbygginga:

Han irriterer seg kraftig over skule-pc-ar sponsa av oljeselskap. Sjølv om artisten til vanleg spelar både på opne og lukka arrangement, kan selskap som driv oljeutbygging berre gløyme å sende førespurnad.

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997