Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Gamlemor (framme t.v.) og Hønepøne (t.h.) er høvesvis 18 og 16 år gamle. Det trur matmor er verdsrekord. Foto: Privat
Gamlemor (framme t.v.) og Hønepøne (t.h.) er høvesvis 18 og 16 år gamle. Det trur matmor er verdsrekord. Foto: Privat

Er Gamlemor (18) og Hønepøne (16) på Røros dei eldste hønene i verda?

Det trur «hønemor» Kerstin Ulrich.

I 2002 fekk Røros- og Tynset-kiropraktor Kerstin Ulrich dei fyrste hønene sine. Ei av dei originale bur framleis i Mørkstugata 14 på Røros. Kerstin meiner nemleg at Gamlemor er heile 18 år gamal, sidan ho var om lag trekvart år då ho fekk ho.

Alderen til Hønepøne er det lett å dokumentere. Ho er ringmerka av Tone Haugen på Hånes i Røros, som har avla opp båe pensjonisthønene.

– Dei er frykteleg fine, seier Kerstin til Nationen.

Hønepøne og Gamlemor er av rasen Brahma, og bur hjå Kerstin på Røros i eit gamalt, freda uthus som tidlegare var eit geitefjøs.

– Folk spør kven som er så dumme at dei lar hønene gå fleire år etter at dei har slutta å legge egg. Det er berre meg, det, seier Kerstin.

Det var Østlendingen som skreiv om rekordhønene fyrst.

Kerstin Ulrich meiner ho har verdas eldste høner buande hjå seg på Røros. Foto: Privat
Kerstin Ulrich meiner ho har verdas eldste høner buande hjå seg på Røros. Foto: Privat

– Dei lever på overtid

Då Kerstin slutta med geiter tenkte ho at hønene skulle få gå i fjøset til dei døyr. Båe to er litt stive i beina, og Hønepøne har blitt pjuskete i fjørene, men dei klamrar seg framleis til livet.

Annonse

– Dei ruslar fritt i bakgarden her heile sommaren og et matrestar på bakken, sandbadar i blomsterbeda og er veldig fornøgde, seier Kerstin.

Kvar morgon går Kerstin inn for å sjekke om hønene framleis lever.

– Eg ventar eigentleg at dei skal ligge der daude kvar morgon, men dei gjer comeback heile tida. Eg går ikkje og håpar på at dei skal døy, men dei lever jo på overtid. Dei har halm og ei varmelampe i fjøset, men høner er eigentleg tropiske skogsfuglar. Eg lurar på korleis dei kan bli så gamle når det er så kaldt på Røros, seier Kerstin.

Gamlemor tek det med ro i blomsterbedet. Foto: Privat
Gamlemor tek det med ro i blomsterbedet. Foto: Privat

Ei 25 år gamal kinesisk høne

Så, er dette verdas lengstlevande høner?

Østlendingen har sjekka dei tidlegare aldersrekordane for høner, og funne ut at høna «Magiske Matilda» i USA i 2004 var 14 år gamal. Ho var ein del av sceneshowet til magikar Keith Barton, og eigaren prøvde i fleire år å få Guinness rekordbok til å godta ho som verdas eldste levande høne. Til slutt fekk dei rekorden sin.

No meiner Kerstin at ho truleg har slått den.

– Eg har høyrt om ei høne på 16 år i USA, og det skal visstnok ha vore ei høne som blei 25 år i Kina, men det veit eg ikkje om kan dokumenterast. Eg trur det er sjansar for at mine høner er dei eldste i verda båe to, seier Kerstin.

Hønene er velkjente i heimbygda si. Pasientane til Kerstin på Rørosklinikken er blant dei som ser dei oftast, då dei har utsikt til bakgarden frå venterommet.

– Folk synest det er artig og eksotisk. Dei likar historia om at me kanskje har verdas eldste høner, seier Kerstin.

Neste artikkel

2 millioner sauer skal ut på beite