Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eline og Tom Roger sel alle kalvane sine. Trudde dei. Det var før dei møtte Jonas.

Ein storsjarmør av ein kalv med hovudet på skakke og mykje personlegdom skulle endre litt på planane til bøndene i Sandnessjøen.

Hovudet til Jonas er alltid litt på skakke.

– Når vettet forsvinn og hjartet tek over …

Slik innleiar Eline Bergquist innlegget ho skreiv i facebookgruppa Nettverk for kvinnelige bønder på fredag.

Vidare introduserer ho sine medbønder for kalven Jonas, ein liten kar ho omtalar som «noko for seg sjølv».

Saman med mannen Tom Roger Jenssen driv ho med ammekyr på Sørra i Sandnessjøen. Der har dei 15 mordyr og ein avlsokse. Kalvane blir selt på hausten, men i år har det blitt lagt andre planar for éin av dei. Jonas. Ein kalv med ein liten hjerneskade og stor sjarm. Han blir buande på garden når dei jamaldrande kalvane reiser.

Jonas sjarmerer liten og stor. Foto: Privat

Med hovudet på skakke

28. februar kom han til. Mora hadde blitt veldig tynn medan ho gjekk drektig.

– Ho bruka tydelegvis mykje energi då ho gjekk drektig, og me lurar på om det er difor han manglar noko. Kanskje ho ikkje klarte å gje han all næringa han trong, seier Bergquist.

Sjølve kalvinga gjekk greitt, men utpå kvelden då Jonas skulle reise seg merka bøndene at han rista veldig på hovudet og la det på skakke. Han hadde også dårleg balanse.

– Hovudet hans rista som om han hadde parkinsonisme. Eg fekk dyrlegen til å sjå på han, og då gav ho ha ei vitaminsprøyte. Då slutta skjelvinga, men hovudet er alltid på skakke. Han er veldig sjarmerande, seier Bergquist.

Medan resten av flokken spring til beite tuslar Jonas etter sammen med Tom Roger og sonen Helmer. Foto: Privat

Alle er snille med Jonas

Annonse

Ho seier at han er litt tomsete. Dei sosiale antennene er kanskje ikkje heilt som dei skal. Difor var ho spent då han skulle sleppast ut saman med dei andre dyra. Til si store overrasking såg ho at det gjekk over all forventing.

– Alle er så forsiktige med han. Dei dyttar han ikkje bort viss han blir pågåande, slik dei gjer med dei andre kalvane. Dei er generelt veldig vare på korleis han har det. Han fekk ein aksept eg ikkje hadde forventa, seier Bergquist.

Mora hans fekk jurbetennelse etter fødselen, noko som førte til at dei måtte flaske han opp. Dette gjorde han endå tammare og meir tillitsfull. No svarar han når dei ropar på han.

– Han spring og herjar på jorda, men han har ikkje koordinasjon så han dett fort. Han er så søt. Han svarar når me ropar.

– I tillegg er han litt «careless». Han går mykje for seg sjølv, og held seg ikkje i flokk på den måten dei andre gjer. Me fôra dei med rundballar her om dagen, og då kom alle utanom Jonas. Han stod for seg sjølv i skogkanten, seier Bergquist.

Jonas (t.h.) er liten av vekst. Foto: Privat

Lokalkjendis

I tillegg til å alltid ha hovudet på skakke, kan ein lett kjenne att Jonas utifrå at han er mindre enn dei andre. Kalvane som blei fødde to månadar etter Jonas har teke han att i vekst.

– Han er framleis liten, og han herjar ikkje med dei andre kalvane. Det er inga bryting og tøffing, han går berre roleg for seg sjølv eller i lag med flokken, seier Bergquist.

Den sjarmerande kalven har alt blitt ein lokalkjendis i Sandnessjøen.

– Alle her veit kven Jonas er, seier Bergquist.

Ein lokalkjendis skal ein ikkje tulle med. Difor får han bli barndomsheimen.

– Det hadde vore fælt for oss å vite at han blei sendt vekk, og for hans del sidan han ikkje hadde forstått kvifor. Me har aldri prøva dette før, men det blir spennande å sjå korleis det går. Me sel jo kalvane våre, men tydelegvis ikkje alle, ler Bergquist.

Slik avsluttar ho innlegget på Facebook:

– Me sel kalvane i oktober. Men vesle Jonas … ja, nei, kva kan eg seie. Eg tenker at han må bu her, heime, eg kan ikkje sende han bort. Me driv med ammekyr, så dette blir jo heilt feil. Men alt er mogleg, kastrering og eit fint liv med flokken for ein liten ven. Akk og ve, vett og forstand.

Neste artikkel

Bil kolliderte med kyr og kjørte av veien