Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit krafttak på hytta

Sjølv om hytta di ligg der ingen skulle tru at nokon kunne bu, kan du nyte same komfort og straumforhold som heime. Eller i alle fall nesten.

Enkelt: Tre av fire hytter i Noreg er ikkje kopla til straum. Ny solcelleteknologi gjer desse avsidesliggande og ofte eldre hyttene langt meir aktuelle på eigedomsmarknaden. Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Tendensen har lenge vore tydeleg i den norske hyttemarknaden: Vi vel bort tradisjonsrik og pittoresk sjarm til fordel for føreseielege forhold, komfort og tidssparande løysingar. Varmtvasstank, kjøleskåp, frysar, espressomaskin og breiband – for nordmenn flest er det lite som skal skilje hyttekomforten frå det vi nyt heime i det daglege. Men ifølgje tal frå SSB, finst det likevel framleis over 100.000 fritidseigedommar i Noreg som ikkje er kopla på straum.

Ei god investering

Har desse straumlause, eldre og ofte avsidesliggande hyttene appell i dagens eigedomsmarknad? Ja, for den som ser potensialet. Fornybare energikjelder – og spesielt solcelleteknologi – har nemleg utvikla seg med sjumilssteg det siste tiåret. Men ikkje alle har fått det med seg, seier Martin Sønsteli i DNB Eiendom Fritid.

Trygt: Solcelleanlegg som blir rekna som ein «fast installasjon», må installerast av ein autorisert elektrikar. Dette er lovpålagt og dessutan avgjerande om du skal få støtte frå Enova. Foto: Shutterstock / NTB scanpix

– Generelt har Kari og Ola Nordmann avgrensa kunnskap om solceller og fornybare energikjelder til hyttebruk. Mange har minne frå dei yngre dagane til teknologien, då du fekk akkurat nok straum frå panelet ditt til å drive ei lampe på toalettet og kanskje ein radio. Men sanninga er at dagens solceller og batteri kan gi deg så godt som «normale» straumforhold utan at hytta er kopla på eit offentleg nett.

Som ein konsekvens av framstega kjem straumlause hyttar knapt til å eksistere på sikt, hevdar Sønsteli.

Fakta

Få støtte til solceller på hytta

Frå 2018 har statsføretaket Enova opna for å gi støtte til hytteeigarar som vil installere/legge om straumforsyninga til fornybare energikjelder. Via denne ordninga kan du få inntil 28.750 kroner i støtte til straumproduksjon.

Du kan få pengar tilbake viss du har fått installert eit solcelleanlegg eller eit lite vindkraftverk i din eigen heilårsbustad eller fritidsbustad i Noreg. Anlegget må ha vorte kjøpt dei siste 18 månadene for at du skal ha krav på støtte.

Installasjonen må vere utført av eit registrert firma, og dokumentasjon av kostnader skal vere i samsvar med norske lover og forskrifter.

Du kan få støtte til elproduksjon òg når du bygger nytt.

Når anlegget er installert og betalt, registrerer du kostnadene hos Enova. Legg ved alle relevante fakturaer som dokumentasjon.

Du kan velje å få pengane utbetalt med ein gong, eller som ein del av skatteoppgjeret ditt.

Frå 1. april 2020 blir den faste støttesatsen til elproduksjon endra frå 10.000 kroner til 7.500 kroner.

Kjelde: Enova

Men før du blæs feriepengane på eit nytt og fancy solcelleanlegg, bør du vurdere oppgraderinga som del av eit større reknestykke. Dette gjeld spesielt viss du har planar om å selje etter kvart, seier han.

– Fornybar energi er ei god investering, men anlegget ditt bør samsvare med standarden til hytta elles. Brukar du titusenvis av kroner på solceller, vil det neppe gjere objektet meir attraktivt viss til dømes golvet eller taket er morke. Men viss hytta er i god stand elles, vil eit velfungerande solcelleanlegg gi ein betydeleg verdiauke. For mange er det nemleg attraktivt å kjøpe seg ei hytte der dette allereie er på stell, og der tidlegare eigar kan demonstrere at anlegget fungerer som det skal.

Allsidig: Sidan 2008 har du som hytteeigar kunna få støtte til å bygge både solcellepanel og vindkraftanlegg frå statsføretaket Enova. Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Om du vurderer å selje den straumlause hytta di, er det med andre ord lite å tenke på, seier Sønstell.

– Dei siste fire åra har vi ikkje selt ei einaste hytte som ikkje er utstyrt med ei eller anna form for straumforsyning. I dagens digitale samfunn blir det rett og slett eit alfa omega å installere nokre solcellepanel på straumlause hytter, eller alternativt å oppgradere dei gamle du allereie har. Investeringa kan vere betydeleg, men heldigvis er dette ei utgift som vil bli reflektert i den framtidige marknadsverdien til hytta.

Salsboom

Så du har tatt avgjerda, og er klar til å nyte rein og gratis solenergi på hytta. Men søker du opp solcellepanel i norske nettbutikkar, er det lett å kjenne seg overvelda av utvalet. Prisar varierer frå nokre få tusenlappar for enkle 12V løysingar til eigne «energihytter» som leverer straum nok til heile storfamilien. Produktansvarleg i den landsdekkande butikkjeda Hyttetorget, Fredrik Kleiven Johansen, seier at det spesielt er storleiken som tel når folk skal velje seg solcelleanlegg i 2019.

Annonse
Aukar: Eigedomsmeklar Martin Sønsteli i DNB Eiendom Fritid seier solcellepanel er ei god investering for hytteeigarar i 2019. Foto: T. Slåttholm

– Solcelleanlegg sel som aldri før, seier han. – Spesielt er det eit påviseleg større fokus på 230V, som gir bortimot dei same moglegheitene til å vere kopla til straum på hytta, som ein har heime.

Men før vi går vidare: Når ein snakkar om straum, er det fort gjort å bli forvirra. Så kva er eigentleg forskjellen på 12V og 230V? Kort forklart er 12V berekna for mindre elektriske apparat, og vanleg i til dømes bilar, båtar og campingvogner. 230V er spenninga vi nyttar oss av heime, men er avhengig av ein inverter for å fungere med solcellepanel. Med sistnemnde slepp du å ta høgde for såkalla «spenningsfall» (tap av spenning i apparat og nettleidningar), medan du med 12V er avhengig av å vere nokolunde nær batteribanken for å få full effekt. Kva for ein av dei to typane som passar best for hytta di, avheng sjølvsagt både av budsjett, straumbehov og bruksområde – om du treng kraft til større apparat eller om du klarer deg med lite meir enn lys, mobilladar og kanskje ein tv. Det er òg mogleg å setje opp ei kombiløysing. Men før du tar noka avgjerd om kva anlegg som passar best for deg, seier Johansen, bør du byrje med å ta ein runde rundt hytta.

– Det viktigaste er hytta ligg fordelaktig til for å få godt utbyte av solcellene. Sjølv verdas mest avanserte anlegg gjer liten forskjell om du er omgitt av høge og skuggefulle tre. Ifølgje erfaringa vår får solceller montert mot sør den beste effekten. Ein kan òg vurdere å utvide kraftforsyninga med ein vindgenerator, som gjer deg meir fleksibel med tanke på ulike vêrforhold.

Koseleg: Solceller har blitt vesentleg kraftigare dei siste åra, men framleis bør du basere deg på vedfyring eller andre varmekjelder i haust- og vinterhalvåret. Foto: Shutterstock / NTB scanpix

«Nesten» som heime

Jo større anlegget du drøymer om er, desto meir krevjande og omstendeleg vil det vere å installere. Men om du får angst av tanken på å montere eit 230V elektrisk anlegg på eiga hand, slapp av, seier Johansen. Det har du uansett ikkje lov til.

– Tidlegare har det vore litt hipp som happ, men om anlegget blir rekna som ein fast installasjon, må jobben i desse dagane gjerast av ein autorisert installatør.

Johansen har følgt solcelleteknologien tett sidan tidleg på 2000-talet. Sidan då har kapasiteten på panela auka betydeleg, forklarer han. Frå 50, 60 og 80 W, som var standard for ti år sidan, til heile 350 watts effekt med moderne variantar. Desse panela har ei levetid på 30 til 50 år, og treng knapt noko vedlikehald etter installasjon. Batteriteknologien har òg vorte betydeleg betre. Før hadde ein blybatteri som trong jamleg påfyll av vatn, og som aldri måtte tappast til under 70 prosent av total kapasitet.

Salsboom: Fredrik Kleiven Johansen i Hyttetorget seier solcelleteknologien har komme langt nok til å gi tilnærma same straumkomfort som heime. Foto: Hyttetorget

– No har vi vedlikehaldsfrie litiumbatteri med innebygde varmekablar, som kan ladast ut fullstendig utan at dei tar skade av det. Dette gjer at du kan trekke meir kraft ut av batteria. Desse vil òg ha betre levetid enn eldre batteriteknologi, men prisen blir naturleg nok endå ein del høgare, seier han.

Kort sagt er det berre budsjettet ditt som avgrensar kor stor straumforsyning hytta di kan ha via solkraft. Sjølv elbilen kan no ladast på solcellepanel om du har eit avansert nok anlegg. Men ikkje rekn med å kunne sleppe unna den lokale ladestasjonen.

– Du vil ikkje kunne lade ein elbil fullt opp utan eit uvanleg kraftig og forseggjort solcelleanlegg, understrekar Johansen. – Men det er mogleg å forsyne bilbatteriet med drygt 20 til 30 prosent, som kanskje er det som skal til for at du kjem deg frå hytta til næraste ladestasjon.

Sjølv om teknologien har komme langt, kan du framleis ikkje forvente nøyaktig den same straumopplevinga som heime, understrekar han.

– Kapittelet er jo på ingen måte avslutta. Vi byrjar å nærme oss, men framleis er det ein del avgrensingar med solceller. Spesielt energikrevjande apparat, til dømes kjøleskåp og komfyr, bør nok helst drivast på andre energikjelder. Det same gjeld varmeomnar. Vi får dermed ei kryssing mellom det gammaldagse hyttelivet og moglegheita til å kunne bruke det meste av elektronikk. Den kombinasjonen verkar det som mange er interesserte i no om dagen, seier han.

Koseleg: Solceller har blitt vesentleg kraftigare dei siste åra, men framleis bør du basere deg på vedfyring eller andre varmekjelder i haust- og vinterhalvåret. Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Neste artikkel

Nytt stoff kan redusere metanutslepp frå kyr