Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
I 2016 vart Kjersti Rorgemoen tildelt Jan Roar Leikvolls minnepris. Arkivfoto: Karoline Riise Kristiansen / NPK
I 2016 vart Kjersti Rorgemoen tildelt Jan Roar Leikvolls minnepris. Arkivfoto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Draumen om eit meir landleg og praktisk liv

Er det mogleg å skrive om livet på bygda utan at det blir karikert eller eksotisk? Forfattar Kjersti Rorgemoen meiner det, og ønsker å ta livet på landet på alvor.

– Det har det med å veldig fort bli karikert eller eksotisk når ein skal skrive om bygda. Eg har prøvd å ta bygda sine vilkår på alvor, seier forfattar Kjersti Rorgemoen, som no gir ut romanen «Eit praktisk menneske».

Liv Indrebø, hovudkarakteren i boka, har nyleg følgt draumen og kjøpt seg eit småbruk. Det har verken straum, vatn eller veg. Kjærasten vil ho skal kjøpe seg inn i leilegheita hans i byggefeltet, men Liv vil teste draumen om ein gard og det praktiske arbeidet.

– Eg har òg prøvd den draumen i praksis. Rydda og prøvd å fikse, ler Rorgemoen.

Undersøker ein norsk draum

Sjølv er ho busett på ein gard i Vest-Telemark, i nabobygda til der ho vaks opp. Nokre år har ho budd i Bergen, men no bur ho på eit småbruk med sambuar og ein son på to år. Derifrå jobbar ho for det litterære rådet i forfattarforeininga og skriv sjølv litteratur.

På garden dyrkar dei grønnsaker, har høner og held uthusa i stand. Hobbylandbruk, kallar ho det.

– Ein får veldig utløp for behovet ein har for kroppsarbeid. For meg har det vore veldig lærerikt, seier Rorgemoen.

– Er det noko i tida, at mange ønsker å arbeide meir praktisk og bu meir landleg?

– Det verkar som det er mykje lengsel etter det, ja. Det er det eg prøver å undersøke i boka òg, ein norsk draum. Det er mange som jobbar med hovudet, og det er jo berre ein liten del av kroppen. Eg trur mange har den draumen om å bu meir landleg og bruke hendene.

Fakta

Kjersti Rorgemoen (fødd 1982)

Busett i Tokke i Telemark

Aktuell med «Eit praktisk menneske» hos Kolon forlag

Gjekk Skrivekunstakademiet 2004–2005

Master i nordisk litteratur der ho skreiv om «sambygdingen» Aasmund Olavsson Vinje og tekstsamlinga Ferdaminne

Tilsett i Det litterære råd i forfattarforeininga

Har tidlegare gitt ut kortprosaboka «Purkene snudde seg» (2009) og romanen «Håpet og festen» (2015)

Vart tildelt Bokhandlerforeningens store forfattarstipend i 2016

I 2016 fekk ho òg Jan Roar Leikvolls minnepris, og vart nominert til Ungdommens kritikarpris

Kjelde: Allkunne / Kolon forlag

Konflikten mellom å ta vare på og å skape

Medan hovudpersonen i boka, Liv, må teste draumen ut i praksis, er det nok for kjærasten Svein å drøyme. Han ser dokumentarfilm om friluftsliv, og dokusåper om folk som bur på gard og får praktiske utfordringar.

I boka handlar det òg om konflikten mellom å ta vare på gammal arv og å skape nytt. Liv Indrebø jobbar på eit museum som formidlar historia. Entreprenøren Knut Bøle bur på den gamle prestegarden som ligg nær museet. Han bryr seg lite om å ta vare på ein kulturarv, og vil skape nytt.

– Han er ikkje historiebevisst. Men han skaper og er karismatisk, og involvert i mange sine liv. Det han driv på med er stygt og skittent, men det står ikkje stille. Museet står stille, per definisjon.

Annonse

– Liv Indrebø vil òg ta i bruk småbruket ho har kjøpt, i staden for å gå og grunne på det som har vore, fortel Rorgemoen.

Når museet og bygda får besøk av ei gruppe amerikanarar som søker røtene, losjerer Liv dei inn på eit 950 år gammalt loft som tilhøyrer museet. Dei har lyst å oppleve gamlelandet, og ho vil ta dei på ordet. Det er ikkje heilt optimalt, fordi loftet er freda.

Staden der Kjersti Rorgemoen har busett seg, heiter Tvigyva. Her også sett frå eit slags fugleperspektiv, frå eit berg nære garden. Foto: Privat
Staden der Kjersti Rorgemoen har busett seg, heiter Tvigyva. Her også sett frå eit slags fugleperspektiv, frå eit berg nære garden. Foto: Privat

Vaks opp med bygdemuseum

Rorgemoen vaks sjølv opp rett ved eit museum, og på ein gard. På garden låg eit bygdemuseum, der ho hadde sommarjobb i alle år i oppveksten.

– Det var veldig få gjestar og utanfor allfarveg. Men på garden skjedde det noko heile tida. Slakting og dyr og jakt og mykje arbeid, og det museet vart litt det motsette for meg.

– Ein føler seg litt splitta mellom dei to modusane. Men eg synest det er veldig viktig å bevare historia – som i Vest-Telemark. Ein plass der historia sit i veggane.

Rorgemoen fortel at det ikkje finst andre stader her til lands som har så mange bevarte trehus frå mellomalderen til dømes, på grunn av den tørre lufta.

– Historia er veldig nærverande for den som er interessert.

Ide og form

Form er viktig for Rorgemoen når ho skriv. Det kjem ein ide, men deretter kan ho berre skrive det som forma tillèt. Tekstane er så korte og konsise som mogleg, og ho prøver å ikkje gjenta seg sjølv.

– Form trumfar alltid innhaldet. Men eg jobbar ut frå idear og tankar om kva som er nødvendig å skrive.

Tidlegare har ho gitt ut ei kortprosabok og ein roman. Begge med kvinnelege hovudkarakterar som ikkje er heilt tilpass i verda. Ho medgir at ho har ein hang til å tenke litt mørkt. No har ho bestemt seg for å velje bort litt av mørket og å sjå det heile litt i fugleperspektiv.

– Eg har prøvd å zoome litt ut. Å ikkje skrive så tett på min eigen hovudperson. Prøve å sjå litt andre i staden og ha eit større persongalleri og sjå eit landskap. Eg har prøvd å heve meg litt opp i fugleperspektiv. Ein er ikkje akkurat ein fugl, men ein kan jo late som.

– Eg trur ord kan lage sanning, og har ein skapande eigenskap. Eg prøver å lage litt meir lys. Ein kan velje vekk det mørke. Eg trur ein kan prøve på det.

Neste artikkel

– Distrikta må forsone seg med folketalsnedgang og heller fokusere på andre ting