Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
LYS OG OVERFLOD: Jula er blitt ei tid der vi pyntar frå 1. desember, heng stjerner og lys inne og ute og gjerne kjøper presangar til fleire enn barna. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
LYS OG OVERFLOD: Jula er blitt ei tid der vi pyntar frå 1. desember, heng stjerner og lys inne og ute og gjerne kjøper presangar til fleire enn barna. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

Dette droppar vi – og dette tviheld vi på

Juletradisjonar blir ikkje berre borte av seg sjølv. Vi droppar det som ikkje gir meining lenger – som å skremme kvarandre før jul i staden for å kose oss.

I dag er det sjølvsagt med ei lang oppkøyring til jul. Desember blir prega av koseleg lyssetjing inne og ute. Vekevis med prøvesmaking av julemat og snop. Og kanskje eit lystprega besøk av julenissen på julaftan?

Slik har det ikkje alltid vore. Før var det mørket og dei slemme skapningane som rådde utandørs rundt jul. Tradisjonar har endra seg med samfunnsstrukturen, men ifølgje folklorist og forskar Ida Tolgensbakk ved Oslo Met står fire juletradisjonar støtt til alle tider.

– God mat, juleøl, varme og lys, med alle dei førebuingane som trengst for å sørgje for at alt dette er klart til jul. Matlaging, ølbrygging, oppsamling av tilstrekkeleg med ved til høgtida – alt dette er eldre enn kristendommen. Eg trur alle, til alle tider, har vore samde om at det passar innmari godt å ha ein stor fest midt på vinteren når det er som mørkast, seier ho.

I det norske bondesamfunnet, under dansk styre, var det elles ikkje så mykje som minna om dagens familiefokuserte og til dels overdådig pynta kosejul med stadig tidlegare avspark.

BARNEVENNLIG: En gang var det stort sett unge menn som gikk julebukk, og forlangte både øl og dram. Nå nøyer de søte små seg med godteri i kurven. Foto: Lars H. Krempig / NTB
BARNEVENNLIG: En gang var det stort sett unge menn som gikk julebukk, og forlangte både øl og dram. Nå nøyer de søte små seg med godteri i kurven. Foto: Lars H. Krempig / NTB

Frå skummelt til kos

Den kristne bondejula på landsbygda var prega av at ein levde i ein årssyklus med sesongar. Ein var avhengig av merkedagar og fristar for å kome i hamn med alt, som storreingjering, matlaging og ølbrygging. Sjølv om det var ei kristen høgtid, hadde mange av tradisjonane røter tilbake til norrøn tid. Det var òg ei mengd overnaturlege vesen knytt til jula. Nettopp her ligg ei av dei største endringane, peikar Tolgensbakk på.

– Jula var rett og slett ei skummel tid. Alle dei heilage periodane var fulle av magi, og i jula var både Åsgårdsreia og vetten Lussi ute. Sistnemnde skulle sjekke at arbeidet var i rute til julefeiringa, og ville straffe deg viss du ikkje hadde gjort det du skulle. Lussi vart brukt for å skremme barna. I Oslo-området hadde ein idé om at dei døde stod opp frå gravene og besøkte kyrkjene i adventstida. Og julebukken, han var jo direkte slem, og ein figur du òg skremde barn med, seier forskaren.

KOSEJUL: Folklorist og forsker Ida Tolgensbakk ved Oslo Met sier vi har sansen for gamle juletradisjoner, så lenger de gir mening. Å skremme barn med overnaturlige vesener er ikke julete lenger. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK / NTB
KOSEJUL: Folklorist og forsker Ida Tolgensbakk ved Oslo Met sier vi har sansen for gamle juletradisjoner, så lenger de gir mening. Å skremme barn med overnaturlige vesener er ikke julete lenger. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK / NTB

Nifs julebukk på spritjakt

Før første verdskrigen gjekk ein julebukk i ulike former over heile Noreg. Prinsippet var å gå frå dør til dør og tigge mat og drikke.

– Nokon gjorde det før jul, nokon i juleveka og nokon på nyåret, men dette var ikkje søte barn, det var eigentleg unge menn og kvinner som kledde seg ut i dyrehamar og slo ned døra om dei ikkje fekk nok sprit. Det var fyll og fanteri og hærverk. Den nusselege julebukken i romjula, det var Prøysens idé, han reinsa det skumle vekk, forklarer Tolgensbakk.

JULEBUKK: "Julereia" av Nils Bergslien viser et feststemt følge av vetter, nisser og annet pakk. Opptoget er knyttet til tradisjonen med å gå julebukk, som i dag er på retur. Foto: Wikimedia
JULEBUKK: "Julereia" av Nils Bergslien viser et feststemt følge av vetter, nisser og annet pakk. Opptoget er knyttet til tradisjonen med å gå julebukk, som i dag er på retur. Foto: Wikimedia

Masseprodusert jul

Skikken med å gi gåver i jula strekk seg tilbake til tradisjonar med å gi til dei fattige og til tenarskapet. Bonden kunne til dømes gi tenarane noko dei trong til jul, som garn, vadmel eller mat. På 1800-talet kom kommersialiseringa, fortettinga av urbane strøk og etter kvart industrialisering og masseproduksjon.

– Det endra feiringa betrakteleg, forklarer folklorist og kulturhistorikar Ane Ohrvik ved Universitetet i Oslo.

– Andre produserte varer ein tidlegare laga sjølv. Det opna for særleg tre dominerande element i feiringa: julenisse, julegåver og juletre. Juletreet kom til Noreg på slutten av 1800-talet, først hos dei borgarlege, så spreidde det seg utover til resten av landet.

Ein likandes fyr

Den norske versjonen av julenissen vart ei blanding av Sankt Nikolas, som vart feira på Nilsmesse 6. desember, og litt frekke variantar av fjøsnissen. Han måtte gjerne blidgjerast med song og godbitar, slik at han kom i gåvemildt humør. Men han var ein likandes fyr.

– Den litt storvaksne varianten vi har no, han dukka ikkje opp før på 1900-talet. Julenissen er eitt av dei beste døma vi har på ein skikkelse i verda som ikkje utfordrar religionar og kulturar, og derfor kan brukast av folk med ulik bakgrunn. Det er fordi bodskapen er universell: Det handlar om å gi gåver, setje pris på menneske og setje pris på dei som har vore snille, seier Ohrvik.

Annonse
PYNTE SAMAN: Juletreet blir pynta i 1975, no er det elektriske lys på treet, og heimelaga glanspapirpynt. Foto: Vidar Knai / NTB
PYNTE SAMAN: Juletreet blir pynta i 1975, no er det elektriske lys på treet, og heimelaga glanspapirpynt. Foto: Vidar Knai / NTB

Meir handlekraft

Med framveksten til borgarskapet handla jula meir om barn. Dei skulle få gåver, glede seg og kose seg.

– Det varierte kven som gav og kor mykje dei gav, det hadde med økonomi og overskot å gjere. Etter kvart vart det meir vanleg at også vaksne fekk gåver. Det har vore ein gradvis prosess, seier Ohrvik.

Juletreet vart i byrjinga pynta med naturpynt som kongler og eple. Etter kvart vart det populært med flagg på treet, og små korger med nøtter og snop. Det er ikkje like vanleg i dag.

Etter andre verdskrigen kom fleire kvinner ut i arbeid, og kjøpekrafta vart endå sterkare.

– Juletekstil og kjøpepynt er døme på overskotsfenomen. I eldre samfunn pynta ein med grøne kvister, einer og bar, som også gjorde at det dufta godt. Det lukta jul, fortel Ohrvik.

JULEKORT: Dette kortet fra første halvdel av 1900-tallet viser nisser med julegaver i en vogn trukket av en geitebukk. FOTO: Wikimedia
JULEKORT: Dette kortet fra første halvdel av 1900-tallet viser nisser med julegaver i en vogn trukket av en geitebukk. FOTO: Wikimedia

Jula frå barndommen

Dei fleste har ei oppfatning om kva jula «skal vere», og den knyter seg ofte til jula frå barndommen eller ei idyllisk oppfatning henta andre stadar frå.

– Ein utvekslar minne om tidlegare julefeiringar, og då dukkar det opp element og tradisjonar som ikkje lenger er der, som ein har eit nostalgisk blikk på. Då er det viktig å hugse at det berre er vi sjølve som lèt tradisjonar forsvinne, ingen har teke dei frå oss, seier Ohrvik.

Også gamle tradisjonar var nye ein gong.

– Å endre tradisjonar er ein heilt naturleg prosess. Er det slik at visse ritual ikkje gir meining lenger, legg folk dei berre vekk, seier Ohrvik.

Tolgensbakk er samd. Ho minner om at mange tradisjonar som har ebba litt ut, er knytte til rituala til kyrkja.

– Lilla er til dømes den liturgiske fargen for tida fram mot jul og har tradisjonelt prega adventstida, men er sjeldnare i bruk no. Vi pyntar tidlegare til jul enn før, og den raude fargen har kolonisert advent, seier ho.

ADVENTSFARGEN: Den røde julepynten skulle tradisjonelt ikke komme på bordet før Lille julaften. I adventstiden er lilla kirkens liturgiske farge. Foto: Tri Nguyen / NTB
ADVENTSFARGEN: Den røde julepynten skulle tradisjonelt ikke komme på bordet før Lille julaften. I adventstiden er lilla kirkens liturgiske farge. Foto: Tri Nguyen / NTB

Kjem dei tilbake?

Dei siste åra har det vore stor interesse for tradisjonsmat, heimebrygging av øl og kortreiste råvarer. Ekspertane tvilar likevel på at det vi ser, er ein retur til den gamle jula.

– Eg trur nok det ligg ein heilt annan motivasjon bak å gjere alt sjølv no enn for 200 år sidan. Hadde dei kunna kjøpe brød og mjød i gammal tid, hadde dei nok gjort det, tippar Tolgensbakk.

Ho trur heller ikkje det er fare for at vi tidsmessig strammar inn julefeiringa igjen, med nådelaus venting og ekstremvasking til 23. desember, før vi slepper etegildet laus.

– Vi har jo som samfunn flytta jula. For berre 30 år sidan pynta ein til advent 1/12 og til jul 23/12, og så var det juletrefestar i januar. Eg trur ikkje vi er på veg tilbake dit.

(©NPK)

Neste artikkel

Her vil Kjersti og Oddmund bygge nytt fjøs – må trolig doble produksjonen