Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
BØRGEFJELL: Vil du på fjelltur uten trengsel, kan du ta en tur til Børgefjell nasjonalpark. Foto: Tom Schandy
BØRGEFJELL: Vil du på fjelltur uten trengsel, kan du ta en tur til Børgefjell nasjonalpark. Foto: Tom Schandy

Den norskaste ferien

Vil du ha kortreist ferie med store naturopplevingar, kan du ta turen til næraste nasjonalpark.

– Eg er ikkje overtruisk, men når eg besøkjer Anárjohka, så rører det ved noko i meg. Det er noko med det aude landskapet som har vore tilnærma urørt av menneske i hundreår. Det gir ei kjensle av å sjå inn i æva, seier Leif Ryvarden om ein av dei mest avsidesliggjande nasjonalparkane i landet, Øvre Anárjohka, som ligg inst på Finnmarksvidda.

Øvre Anárjohka er òg ein av favorittane hans blant nasjonalparkane i Noreg.

– Den har ein unik flora, heilt annleis enn granskogane rundt Oslo, som eg har vakse opp med, seier han.

LOMSDAL-VISTEN: Lomsdal-Visten nasjonalpark byr på unik natur med fjorder, grotter, skog, høyfjell og topper. Foto: Tom Schandy
LOMSDAL-VISTEN: Lomsdal-Visten nasjonalpark byr på unik natur med fjorder, grotter, skog, høyfjell og topper. Foto: Tom Schandy

Ryvarden er professor emeritus ved Universitetet i Oslo, og forskar på sopp. I tillegg har han skrive ei rekkje bøker om Noregs nasjonalparkar. I ein alder av 85 år er han aktuell med ei oversikt over dei alle, med boka «Guide til Norges nasjonalparker». Der gir han eit overblikk over dei 40 norske nasjonalparkane som ligg på fastlandet.

– Boka er meint som ei handbok som gir deg oversikt over dei ulike parkane og kva dei har å by på, korleis du kjem deg dit, turmoglegheiter og overnattingsstadar, fortel han.

Fakta

Besøkssenter

Rundt om i landet finst ei rekkje besøkssenter knytt til nasjonalparkane. Dei gir informasjon om nasjonalparkar og andre verna område nasjonalt og internasjonalt, og skal inspirere til bruk av naturen og nasjonalparkane.

Du finn òg informasjon om alle nasjonalparkane i landet og andre verneområde på nettsida Nasjonalparker.no.

Dette er besøkssentera:

Besøkssenter Øvre Pasvik nasjonalpark

Besøkssenter Stabbursdalen nasjonalpark

Besøkssenter Reisa nasjonalpark

Besøkssenter nasjonalpark – Nordland

Besøkssenter nasjonalpark – Lierne og Blåfjella-Skjækerfjella

Besøkssenter nasjonalpark – Femundsmarka og Gutulia

Besøkssenter nasjonalpark – Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen

Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark – Oppstryn

Besøkssenter Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalparkar – Jostedalen

Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark – Fjørland

Besøkssenter Hardangervidda nasjonalpark – Eidfjord

Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark

Besøkssenter Hardangervidda nasjonalpark – Skinnarbu

Besøkssenter Færder nasjonalpark

Besøkssenter Ytre Hvaler nasjonalpark

(©NPK)

Meint for å brukast

Noregs første nasjonalpark var Rondane nasjonalpark, som vart oppretta i 1962. I dag finst 40 nasjonalparkar, frå Raet i sør til Varangerhalvøya i nord, i tillegg til sju på Svalbard.

VETERAN: Leif Ryvarden har vært i alle landets nasjonalparker flere ganger, og er nå aktuell med boka «Guide til Norges nasjonalparker». Foto: Tom Schandy
VETERAN: Leif Ryvarden har vært i alle landets nasjonalparker flere ganger, og er nå aktuell med boka «Guide til Norges nasjonalparker». Foto: Tom Schandy

Parkane er til for å brukast.

– Formålet med å opprette nasjonalparkar er todelt: Både å verne naturarven, men også å sikre folk tilgang til store naturområde, fortel Ryvarden.

Bortsett frå at enkelte stadar kan ha ferdselsforbod i hekketida, gjeld derfor allemannsretten i høgaste grad òg i nasjonalparkane. Det er lov å både setje opp talt, fiske, jakte og plukke bær.

Mange stadar er det òg svært godt tilrettelagt for ferdsel. Rundt om i landet finst både offisielle besøkssenter, nasjonalparkkommunar og nasjonalparklandsbyar som alle skal bidra til å formidle informasjon og leggje til rette for bruk av nasjonalparkane.

For å verne naturen er det enkelte stadar med vilje gjort lite tilrettelegging.

Nokre stadar er det til dømes ikkje merka stiar. Det er framleis fullt lovleg både å gå der og setje opp talt, men utan tilrettelegging avgrensar ferdselen seg sjølv, seier Ryvarden.

ANARJOHKA: Leif Ryvarden har Øvre Anarjohka nasjonalpark som en av sine absolutte favoritter. Foto:  Leif Ryvarden
ANARJOHKA: Leif Ryvarden har Øvre Anarjohka nasjonalpark som en av sine absolutte favoritter. Foto: Leif Ryvarden

Til topps på alle

Annonse

Ryvarden har besøkt alle nasjonalparkane fleire gonger. I tillegg til Øvre Anárjohka, trekkjer han fram Hardangervidda, Femundsmarka, Reisa og Seiland som favorittane sine.

Å dra på fottur om sommaren er eit sjølvsagt val, men mange nasjonalparkar kan med fordel òg besøkjast vinterstid.

– Det er flott å gå på ski til dømes i Anárjohka eller over Saltfjellet i Svartisen nasjonalpark, seier han.

Ein annan som til liks med Ryvarden har besøkt alle nasjonalparkane i landet, er fjellguide Gjermund Nordskar. I 2014 gjekk han til det høgaste punktet i alle nasjonalparkane i landet på 80 dagar. To år seinare vart erfaringane til boka «Til topps i Norges nasjonalparker».

– Prosjektet byrja med at eg skulle ha eit pauseår for å oppleve verda, og drog på sykkeltur i Nord-India med to kameratar, fortel han.

Turen gjekk ikkje heilt som planlagt, og Nordskar enda på sjukehus med livstrugande infeksjonar. Dermed måtte verda bytast ut med Noreg.

PROSJEKT: Gjermund Nordskar har besteget toppen av alle landets nasjonalparker på 80 dager. Foto: Vegard Aasen
PROSJEKT: Gjermund Nordskar har besteget toppen av alle landets nasjonalparker på 80 dager. Foto: Vegard Aasen

– Vi ville finne ein måte å oppleve den aller flottaste naturen Noreg har å by på, og det er jo nettopp det nasjonalparkane er eit symbol på. Parkane er ein fin måte å oppleve heile Noreg, dei ligg jo på kryss og tvers frå nord til sør, påpeikar han.

Tips til vinterturar

Nordskar har fleire tilrådingar dersom du vil prøve deg på topptur på ski i ein av nasjonalparkane.

– Seiland er ei øy nord for Alta kor heile øya er ein nasjonalpark. Den høgaste toppen er Seilandstuva, og vel du kortaste veg, er det ein enkel til middels krevjande tur, seier han.

Ein annan favoritt er Møysalen i Vesterålen, som er namnet på både toppen og nasjonalparken.

– Det er ein meir krevjande tur, påpeikar han.

RAGO: Rago er en av landets minste nasjonalparker, men desto mer spektakulær. Her ved Litlverivassforsen. Foto: Tom Schandy
RAGO: Rago er en av landets minste nasjonalparker, men desto mer spektakulær. Her ved Litlverivassforsen. Foto: Tom Schandy

Han tilrår òg Ånderdalen nasjonalpark på Senja, og tur til det høgaste fjellet Kvænan, ein enkel til middels krevjande tur.

Nordskar har eit nært forhold til Jotunheimen nasjonalpark, og har akkurat komme med bok om toppturar i Jotunheimen.

– Det er alltid vanskeleg å trekke fram éin topp, men eg trur eg må velje Storebjørn, seier han.

Også det er ein enkel til middels krevjande tur.

– Men skal du på vintertur i fjellet, krev det kunnskap om å vurdere skredfaren, minner Nordskar om.

FÆRDER: Nasjonalparker finnes ikke bare i fjellområdene, mens også langs kysten i Sør-Norge. Her fra Færder nasjonalpark.Foto: Lise Åserud / NTB
FÆRDER: Nasjonalparker finnes ikke bare i fjellområdene, mens også langs kysten i Sør-Norge. Her fra Færder nasjonalpark.Foto: Lise Åserud / NTB

Neste artikkel

NHO Reiseliv: – Nordmenn har fått økt appetitt på norgesferie