Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordmødrene vil ikkje ha meir pengar, dei vil ha tryggleik

Jordmødrene ved jordmorvakta i Seljord er fornøgde med vakta slik ho er i dag. Dei er glade for å tilby dei fødande kvinnene ein ekstra tryggleik når vegen til sjukehuset blir for lang. No håpar dei det blir gjort grep for å få alle kvinner til å føle seg trygge under fødsel.

Jordmorvakta i Seljord ligg i andre etasje i dette bygget. Trappa opp kan følast uendeleg lang viss ein nærmar seg fødsel. Foto: Cecilie Ausland

I sommar møtte Nationen fem kvinner frå Vest-Telemark som har fødd på veg til sjukehuset i Skien. Helena Gjersund (31), Ellen Moland (32), Lisbeth Omland (26), Monica Tjønn Lunde (29) og Elin Hamre (29) fortel oss og kvarandre fødselshistoriene sine i denne serien.

Fem ulike historier. Fellesnemnaren er Seljord. Ikkje fullt midtvegs mellom bygdene dei bur i og sjukehuset i Skien. Der ligg jordmorvakta i Vest-Telemark, ei fellesordning for heile regionen, med unntak av Nissedal. Som eit resultat av samhandlingsreforma blei spleiselaget mellom kommunane og helseføretaket til.

Jordmorvakta har blitt redninga for mang ei vertande mor i bygdene rundt.

– Det verste er å vera redd. Me bur der me bur, og det har me valt, men det verste er likevel å vera redd. Det blir ei frykt rundt det, seier Helena.

Elin fortel at ho tenkte på dette undervegs i svangerskapet. Helena gjorde på si side ikkje det.

– Eg hadde ei god oppleving trass ein skummel og hektisk situasjon, mykje på grunn av at jordmorvakta er makelaus i slike tilfelle, seier Helena.

Dei er samde om at jordmorvakta må vernast og styrkast. Ei skikkeleg fødeseng er eitt av ønska som blir lagt fram.

Ågot Takle er jordmor i Fyresdal. Ho var på jordmorvakt då Helena fekk Olav. I snart 30 år har ho vore med og sett utviklinga i fødetilbodet i regionen.

Ho var med på å få i stand det etterlengta jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark i 2012.

Seks jordmødrer, éi frå Seljord, éi frå Kviteseid, éi frå Fyresdal, éi frå Tokke og to frå Vinje, gjer alt dei kan for at gravide frå kommunane deira skal få eit så godt fødetilbod som mogleg.

– For alle jordmødrene som hadde jobba mykje og sjeldan hatt fri var dette som å kome til himmelen. Plutseleg visste me når me hadde turnus og når me hadde fri.

Når det kjem til tankane til kvinnene som har fødd på veg til sjukehuset, forstår Ågot godt kva dei meiner. Likevel meiner ho at det ikkje er utstyr det kjem an på i slike situasjonar.

– Eg har vore med på ambulansefødsel utan utstyr. Det handlar ikkje om det. Det viktige er at jordmor er trygg på seg sjølv, og dermed gjev tryggleik til kvinnene.

– Utifrå mi kompetanse så klarar eg meg slik det er. Eg ville nok ikkje lagt pengane mine i mykje meir utstyr på jordmorvakta. Me har det me treng, seier Ågot.

Ho fortel at sjølv om det har vore ein del fødslar på jordmorvakta gjennom åra, så har det blitt færre på vegen etter at vakta blei oppretta.

Medan Ågot var i permisjon etter at ho fekk dottera Ragnhild i 1994 tok ho imot ti born utanfor institusjon. Ho veit korleis det kan vera i distrikta. Difor er ho heilt overtydd om at det viktigaste av alt er å verne om at vakta blir halde open.

– Me må bli trygge no. Alle saman. Du ser bunadsgeriljaen kjempar for oss. Ein del stader nord i landet manglar dei følgjeteneste. Me er aldri trygge, men eg trur det skal mykje til å legge ned dette tilbodet. Me må jobbe for vår eigen arbeidsplass. Vera der kvinner treng oss. Tilby alt dei nye foreldra treng, seier Ågot.

Jordmor Ågot Takle med bornebornet Sofia, eitt av om lag 1000 born Ågot har teke imot. Foto: Privat

Eit paradoks

Lise Skolås er jordmor i Tokke. Ho er veldig fornøgd med jordmorvakta og samarbeidet i regionen.

Annonse

– Ordninga me hadde tidlegare var basert på heimevakter og dugnadsarbeid. Det var ikkje godt for dei gravide å vite at dei tok kontakt på fritida, på same måte som det var dårlege arbeidsvilkår for jordmødrer. Vakta har ordna opp i begge delar. Sidan vakta opna i 2012 har det berre vore éin uplanlagt heimefødsel jordmor ikkje har vore med på, seier Lise.

Når ein fødsel fyrst finn stad i ein ambulanse, på ei legevakt eller i ei trapp er det aller viktigaste at den fødande har trygge folk rundt seg, meiner jordmora.

– Uansett kvar ein fødsel skjer så må ein jobbe for at det skal vera ei trygg og fin hending der og då.

– Det er ikkje lov å frakte drektige dyr når dei nærmar seg fødsel, men det gjer me med kvinner. Det er eit paradoks. Erna Solberg vil ha fleire barn (ref. nyttårstalen til statsministeren), men kvinnene har i realiteten lite valfridom når det kjem til fødsel, seier Lise.

For å illustrere valfridomen viser ho til at ikkje alle sjukehus har ABC-avdeling (avdeling for naturlege fødslar) eller val om heimefødsel.

– Me har retningsliner for heimefødsel i Noreg, men det er adressa di som avgjer om du kan få det eller ei, meiner Lise.

Jordmor Lise Skolås i Tokke. Foto: Nationen

Ho seier at ikkje alle tenker over kor stor del av prosessen som blir unnagjort under transport for kvinnene i distrikta, sjølv om dei rekk fram før siste pressri, og har forståing for at kvinnene som føder på veg til sjukehuset kan føle at dei går glipp av noko.

– Du vil alltid finne dei som ikkje er like fornøgde. Det følast feil for enkelte å få beskjed om å ta seg ein dusj og slappe av litt før dei ringer oss att. Det er ingen fasit i ein fødsel. Me har eit observasjonsrom som dei har tilbod om å få vera på viss dei kjenner seg utrygge. Me gjer alltid vurderingar når det gjeld fyrstegongs- og andregongsfødande. Same med sommar- og vinterføre.

Lise understrekar at jordmorvakta ikkje trekker ut tida. Dei er fullt klar over avstandane folk har med å gjere.

– Likevel er det ikkje slik at me seier «hiv deg i bilen», for så akutt er det nesten aldri. Nokon kjem innom og så reiser dei heim att ein tur. Me prøvar å unngå raude turar. Det er ikkje godt for nokon. Men at me har fått til ei god vaktteneste her i Vest-Telemark, det er heilt sikkert.

Lise trur og håpar, i likskap med kollega Ågot, at jordmorvakta skal få halde fram med å eksistere.

– Ein beredskap er ein beredskap, om ein er til for 10 eller 100. Det er ingen som spør brannmenn kor ofte det brenn. Dei spør stadig jordmødrer kor ofte dei er med på fødslar. Beredskap og følgjeteneste er forankra i lova og helseføretaka. Det er ein rett for alle som skal føde, understrekar Lise.

Åse Kari Kringlåk er avdelingsleiar for føde og barsel ved sjukehuset i Skien. Foto: Sjukehuset Telemark

Avstand er ikkje hovudfaktoren

Åse Kari Kringlåk er avdelingsleiar for føde og barsel på Sjukehuset Telemark. Som tidlegare vinbyggje har ho god oversikt over avstandane i distrikta. Ho seier det er viktig å nemne at dei fleste transportfødslar faktisk skjer i Grenland i Telemark.

– Det er fleire frå grenlandsområdet som føder på veg til sjukehuset, faktisk. Det kan gå fort uansett kvar ein bur. Det er ikkje slik at alle dei som føder under transport gjer det fordi det er langt. I Vestfold var det sju fødslar utanfor institusjon i fjor, til dømes, i motsetnad til fem i Telemark. Å ha følgeberedskap og jordmor der ute hjelper å halde talet nede. Det er heile hensikta. Kyndig hjelp heile vegen.

– Ordninga som er i Vest-Telemark er ei god ordning som gjev tryggleik for mødrene i området. Dei aller fleste er ute i såpass god tid at dei rekk det heilt fint. Eg trur også ein av dei viktige tinga med jordmødrene ute i kommunane er kontinuiteten og oppfølginga i svangerskapet. Dei preppar dei for føding. Då blir dei visse på å ta kontakt tidleg, seier Åse Kari.

Ho seier at det er låg terskel for å få kome til sjukehuset i Skien. Opprettinga av jordmorvakta skulle vera eit trygt stopp på vegen dit, slik at dei fødande slepp uroa når dei skal reise.

– Det er viktig å føle seg trygg på at ein får kome dit viss ein er usikker sjølv. Det er inntrykket mitt gjennom dei åra det har vore jordmorvakt i Seljord at dei har låg terskel for å ta dei imot og sjekke.

Til dei som føler at dei har fått for lang utsetting før dei kjem seg til Seljord, har Åse Kari følgande å seie:

– Det er ikkje alltid så lett å vurdere på telefon. Men viss me ikkje hadde hatt den tenesta ville det gjort det endå vanskelegare å vurdere når dei skal reise. Det er ein stor tryggleik og veldig bra for fødselsomsorga. Eg veit at det er ulike løysingar rundt om i landet. Me er heldige som har fått til ei så god løysing med interkommunalt samarbeid som er med på å gje god omsorg til alle.

Neste artikkel

MDG får sin første ordfører