– Eg har alltid elska å bake peparkaker før jul. Det er høgdepunktet til jula rett og slett, fortel Marit Hovland.
I haust kom ho med boka «Pepperkaker», der ho viser eit stort mangfald av måtar å bake peparkaker på, anten det er å steike dei i krumkakejernet eller lage dekorative figurar med vakre mønster i melisglasur.
Ho baker peparkaker med familien kvart einaste år.
– Dei siste åra er det tantebarna mine som er favorittmedbakarane. Vi samlast kvart år heime hos foreldra mine, og alle er med, anten dei er 2 eller 70 år. Det er nettopp det eg synest er så gøy med peparkaker, at det passar for alle aldrar, seier ho.
Blir bakt av flest
Hovland er ikkje åleine om å ha juletradisjonar knytt til peparkaker. Ei spørjeundersøking Opplysningskontoret for brød og korn og Matprat utførte i oktober i år, viser at peparkaker er den julekaka som både blir bakt oftast og som blir kjøpt av flest nordmenn.
47 prosent svarte at dei kjøper peparkaker, medan 36 prosent svarte at dei baker peparkaker. Neste kake på lista er krumkaker, som blir bakt av 28 prosent.
– Peparkaker er noko vi koser oss med heilt frå november og fram til jul. Dei andre kakene er i større grad reservert for høgtidsdagane, fortel dagleg leiar for Opplysningskontoret for brød og korn, Torunn Nordbø.
– Peparkaker er dessutan morosamt og enkelt å bake saman med barn. At mange sel ferdig peparkakedeig, gjer det endå enklare å bake peparkaker, seier ho.
At peparkaker er såpass populært, er kanskje litt paradoksalt. På spørsmål om kva julekake nordmenn liker best, er det nemleg kransekaka som fell mest i smak, med peparkaker og krumkaker på delt andreplass.
Lett å like
Matkulturvernar og kokebokforfattar Bodil Nordjore samanliknar peparkaker med wienerpølser.
– Peparkaker er lett tilgjengelege og har ein smak alle kjenner, slik som wienerpølser. Smaken av peparkaker vekkjer dessutan kjensla av jul. Og dei luktar jul òg, heimleg og godt, seier ho.
Ho trur populariteten har å gjere med at peparkaker er ukompliserte å lage, og derfor lett tilgjengeleg.
– No kan du til og med få kjøpt ferdig deig. Peparkakene blir rekna som heimebakte sjølv om deigen er kjøpt, og ein kan klappe seg sjølv på skuldra med at ein i det minste har bakt eitt slag til jul, seier ho. Og legg til at peparkaker gjerne er det ein tyr til i barnehagar og skular òg.
– Peparkakebaking er dessutan ein fin familieaktivitet. Ein kan lage figurar, pynte med melis og nonstop og henge heimelaga hjarte i vindauget. Peparkakebaking er òg hyggjeleg å invitere inn til som ein felles førjulsaktivitet, seier ho.
Korte tradisjonar
Sjølv om peparkaker i dag er den mest bakte julekakesorten, er den slett ikkje den med lengst tradisjonar.
– Aller først kom krumkaka og andre kaker steikt i jarn. Det første krumkakejarnet kom allereie på 1500-talet, fortel Nordjore.
Med steikeomnens inntreden på norske kjøken frå andre halvdel av 1800-talet, vart det mogleg å lage langt fleire kakeslag – som peparkaker.
– Men sirupssnippane kom før peparkakene. Peparkaker vart ikkje vanleg før på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, fortel ho.
Nordjore er fødd i 1959, og bakte ikkje peparkaker då ho var lita.
– Men vi kunne ha både sju og ti og tretten av andre slag, seier ho.
Ho håpar at også dagens barn kan bli introduserte for eit litt større mangfald av julebakst. Og trur at småkakene er på veg tilbake.
– Mat har til alle tider vore knytt til status. No er det status med mat som tek tid, og det gjer småkakene. Dei som er mest interesserte i å bake no, er gjerne unge og høgt utdanna damer, som lagar sortar som Sarah Bernhardt og fine makronar. Det er «in» å bake litt krevjande småkaker. Gjerne noko nytt som ikkje alle har, seier ho.
Peparkakekunst
Marit Hovland har teke peparkakebaking til eit nytt nivå, og lagar kunstferdige figurar som like gjerne kan brukast til pynt som mat. Ho har til og med laga smykke av peparkaker. Så har ho då også vakse opp med ei mor som laga peparkaker utanom det vanlege.
– Veldig ofte vart julegåvene til folk produserte under peparkakebakinga. Ho laga ein ukulele i full storleik med lakrislissestrenger, og Scrabble som ein faktisk kunne spele med, med alle dei små bokstavbrikkene. Så det er vel mamma si skuld at eg har vorte biten av peparkakebasillen, seier ho.
Frå barndommen hugsar ho aller best eit peparkaketog, laga til femårsdagen hennar i mai.
– Toget hadde ei vogn til kvar gjest, fylt med godteri. Den eldste broren min har bursdag 1. juledag, og fekk dermed alltid knuse peparkakehuset i barnebursdagen sin. Det syntest eg var litt urettferdig, og derfor vart heile nabolaget overraska med lukta av nysteikte peparkaker i mai. Men eg må innrømme at eg no synst peparkakebaking skal halde seg til førjulstida, seier ho.