Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Alvor og skjemt om norske utedoar

Dei fleste nordmenn over ein viss alder har brukt utedo, enten på hytta eller i eigen oppvekst. Det er noko sjarmerande og nostalgisk over dei små, primitive avlukka. Og dei finst framleis – og blir brukte – både i moderne og gammal utgåve.

Ublyge svenske soldatar på ein tolvsetar, før andre verdskrigen.Foto frå boka.
Ublyge svenske soldatar på ein tolvsetar, før andre verdskrigen.Foto frå boka.

Forfattarane og historikarane Thor Gotaas og Roar Vingelsgaard har reist landet rundt og besøkt utedoar. Vingelsgaard med kamera og notatblokk, Gotaas for å samle anekdotar og forteljingar. Resultatet er blitt boka «Norske utedoer», der dei tek oss med gjennom utedo-historia frå mellomalderen og fram til i dag og er både kuriøse og seriøse i presentasjonen.

Verneverdige kulturminne

Den litt spesielle historia er innom både sosialhistorie, kulturhistorie, sosiologi, psykologi, kjønnsroller og framveksten av eit moderne Noreg. Vi får sjå det typiske og det originale – her er do for kongelege og fattigfolk, husmannsplassar og storgardar.

– Eg har vore innom hundrevis av utedoar i dette prosjektet. Det har vore ei artig reise og artig å skrive om. Dette er ei nasjonal historie, og det er viktig å ta vare på dei ulike utedoane våre som kulturminne i autentiske miljø. Dei finst i alle kommunar, men mange står til nedfalls. Kanskje kan vi gjennom denne boka gi større merksemd til noko som har prega livet til folk så mykje gjennom tidene, seier Roar Vingelsgaard.

Utedo frå Seljord kommune. Utedoar vart gjerne bygde i tilknyting til fjøset.Foto frå boka : Bjørg Duve
Utedo frå Seljord kommune. Utedoar vart gjerne bygde i tilknyting til fjøset.Foto frå boka : Bjørg Duve

– Alle nordmenn veit om utedoar, men få veit særleg mykje om dei. Dette er nytt om gammalt, det ualminnelege om det alminnelege. I boka skal det vere eit representativt utval både geografisk, sosialt og tidsmessig, seier Thor Gotaas.

Det vesle huset

Do og utedo har hatt mange namn gjennom tidene. Ordet utedo er første gong registrert i ein avisartikkel i 1936, og då knytt til hytteliv. Ingen veit kvifor ordet er blitt så populært og vanleg, men heng nok saman med auken i talet på fritidshytter, særleg etter krigen, kan Gotaas fortelje.

Det norske ordet dass kjem frå tyske das Häuschen, som tyder det vesle huset. Do er ei forkorting av det tyske Donhaus – huset der ein gjer noko. Avtrede kjem av det tyske ordet abtritt – å gå til side.

Nordmenn på 1200-talet kalla do for kamar eller privet. Eit anna gammalt ord er heimlyhus, seinare omskrive til hemmelegheit. Men også løyndarhus er brukt. Ein skulle ikkje direkte røpe ærendet sitt. Og folk gjekk ikkje på do kvar som helst, på grunn av lukt og hygiene. Av ulike årsaker gjennom historia er dobruk knytt til å vere diskret.

Folk har elles kalla utedo for til dømes skjethus, skithus, dridaren, kakkhus (frå det latinske ordet caccare, som tyder skite) og veslehus. Namnet varierte frå landsdel til landsdel.

Utedo med plass til to vaksne og to barn.Foto frå boka: Roar Vingelsgaard
Utedo med plass til to vaksne og to barn.Foto frå boka: Roar Vingelsgaard

Do av hygieniske grunnar

Det fanst doar i svalgangar – ein overdekt gang eller utbygg på eit hus. Doen kunne også vere tilbygg til låven eller i gangen mellom fjøs og låve, og driten hamna saman med fjøsmøka. I gamle hamnebyar bygde ein små hus på stolpar i fjæra, og vatnet skylde bort ekskrementa ved flo sjø. Dette brukte ein å gjere langs heile kysten.

Annonse

Sunnheitslova av 1860 gav kommunane ansvaret for renovasjon. Store koleraepidemiar var ei av drivkreftene bak lova. Ein hadde funne skit og urin frå menneske i drikkevatn, og mistenkte at dette var årsaka til epidemiane. Å byggje do vart eit hygienisk framsteg.

Men nokon måtte tømme innhaldet i doane. Doboka fortel om yrket nattmann – dotømmaren som jobba når andre sov. Han vart ofte frosen ut sosialt grunna det ureine yrket.

Utedoen ved Huldefossen i Førde i Sunnfjord. Doen er visstnok omtalt av reiseguiden Lonely Planet som ein av dei mest spesielle utedoane i verda.Foto frå boka: Roar Vingelsgaard
Utedoen ved Huldefossen i Førde i Sunnfjord. Doen er visstnok omtalt av reiseguiden Lonely Planet som ein av dei mest spesielle utedoane i verda.Foto frå boka: Roar Vingelsgaard

Ressurs for landbruket

Før vassklosetta kom vart doinnhaldet faktisk mykje brukt som gjødsel og levert til landbruket og gartneria. I nokre byar kom det gjødselfabrikkar – pudrettfabrikk etter modell frå Frankrike. Poudrette er fransk og betyr «lite pudder», men blei raskt til «pudrit» på godt norsk.

Wc først hos velståande

Det første vassklosettet kom til Noreg på slutten av 1850-talet. Det var mest rikfolk og hotell som tok seg råd til å installere nyvinninga i starten. På landsbygda og i tettstader heldt utedoen seg til langt ut i 1950-åra og også inn i neste tiår. Men utbygginga av infrastruktur og kloakk- og vasstilhøva gjorde det lettare. På 70-talet og tiåret etter blei mange utedoar rivne fordi vassklosettet hadde erobra landet.

Ein dotømmar i Trondheim i 1962. Foto frå boka: Trondheim byarkiv
Ein dotømmar i Trondheim i 1962. Foto frå boka: Trondheim byarkiv

På doveggen

Det er skrive mykje rart på utedovegger opp gjennom historia. Ein dovegg gav ein sjanse til å ytre seg anonymt og friskt til eit ukjent publikum. På norske dovegger hang det også ofte bilete av den norske kongen, Haakon VII. Det var stadig bilete av han og dronning Maud i vekeblada, men folk ville ikkje tørke seg bak med kongelege. Derfor vart bileta hengde opp på veggen. Aviser og vekeblad vart nemleg mykje nytta som dopapir. Dopapir vart vanleg først på 1950-talet.

Ei anna forklaring på kongebilete på utedoen kan knytast til andre verdskrigen. Tyskarane forbaud bilete av kongefamilien, og likte heller ikkje å gå på norske utedoar av redsle for smitte. Utedoen vart derfor ei frisone for å henge opp kongebilete.

På norske utedoar hang det ofte bilete av den norske kongen.Foto frå boka: Roar Vingelsgaard
På norske utedoar hang det ofte bilete av den norske kongen.Foto frå boka: Roar Vingelsgaard

Seigliva

Det er framleis folk som har utedo på hytta i 2019, og ein del turisthytter i fjellheimen har også utedo i bruk. Utedoen held stand, men nye hytter får stort sett wc eller moderne løysingar med kompostering eller annan gjenbruk.

– Utedoane er seigliva. Eg trur ikkje dei vil avgå ved døden med det første. Så lenge vi har hytter, vil dei vere der, både i ny og gammal form, meiner Thor Gotaas.

Neste artikkel

Utvider jakttiden for å stoppe skrantesyke