Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Hanne Heimveg (t.v.), Anne Granlund, Linda Ditløv Halsan, Maren Gangstad, Eva Madsen Buan, Jane Herstad fekk blomar av sjef Astrid Aasen denne veka. Lena Andersen Lundås og Amalie Tangstad Sandseter er også tilsette ved ysteriet, men var ikkje til stades då bildet blei tatt. Foto: Privat
Hanne Heimveg (t.v.), Anne Granlund, Linda Ditløv Halsan, Maren Gangstad, Eva Madsen Buan, Jane Herstad fekk blomar av sjef Astrid Aasen denne veka. Lena Andersen Lundås og Amalie Tangstad Sandseter er også tilsette ved ysteriet, men var ikkje til stades då bildet blei tatt. Foto: Privat

Alle dei tilsette på ysteriet jobbar framleis

Gangstad gårdsysteri takkar daglegvarekjedene for at dei kan halde fram som før.

Ved Gangstad gårdsysteri i Inderøy var det 12. mars åtte fulltidstilsette i tillegg til drivarane og laurdagshjelpa – ti årsverk til saman. Det er det også i dag, 8. april, nesten ein månad etter at Noreg gjekk inn i den mest krevjande tida sidan midten av 1900-talet.

Bedrifter og butikkar landet rundt slit med økonomien som følgje av at dei har måtta stenge. Det kunne fort vore tilfellet for Gangstad òg, men sidan det tradisjonsrike ysteriet leverer til ei rekke daglegvarebutikkar i tillegg til restaurantar og hotell har dei klart å halde seg flytande.

Det hadde ikkje vore mogleg utan ein storstilt støtteoperasjon frå Meny, Coop og Oluf Lorentzen AS – og kundane som vel seg norsk mat i butikkane, fortel dagleg leiar Astrid Aasen.

– Kjedene har gjort ein fantastisk jobb. Meny har redusert prisane på alle såkalla «matskattar». I tillegg har dei laga eit opplegg der dei skal betale oss tilbake 10 prosent av omsetninga. No i dag fekk eg nettopp vite at dei forlengjer det i tre veker til, seier Aasen.

– Me er ikkje verst stilt me som har bedrift som produserer for sal i butikk. Me har hatt ein formidabel salsauke i januar, februar og mars i år, seier Aasen.

Dette er ei følgje av at dei oppgraderte anlegget og la til rette for større volum i produksjonen.

– No har me rett nok mista leveransen til Hurtigruten, hotell og restaurantar, men me har klara å få selt osten likevel. Til redusert pris rett nok. I staden for å permittere vel me heller å selje osten til lågare pris, og dermed få halde folk i arbeid og få bruka mjølka, seier Aasen.

Dagleg leiar Astrid Aasen ved Gangstad gårdsysteri. Foto: Jan Inge Wiig
Dagleg leiar Astrid Aasen ved Gangstad gårdsysteri. Foto: Jan Inge Wiig

Tenker på dei små

Aasen fortel at dei har hatt nok å gjera så langt i korona-tida, men at det kan snu viss koronatiltaka held fram over sommaren.

Annonse

– Utfordringa blir vidare framover viss det ikkje losnar, men eg vil tru at det gjer det snart, seier Aasen, og legg til at dei særleg ventar på serveringsbransjen, seier Aasen.

Ysteriet hadde fyrst sendt ut permisjonsvarsel då Noreg gjekk inn i full beredskap, men så fekk dei på plass litt utviding av avtalane dei allereie hadde med kjedebutikkane og valde å trekke dette.

Aasen vil rette ein stor takk til daglegvarekjedene som har gjort sitt og stått på for å hjelpe små lokalmatbedrifter.

– Meny kom raskt på banen med svært gode tiltak og så kom Coop i Trøndelag og sa at dei ville få varene våre inn i endå fleire butikkar i Midt-Noreg. Desse to lovnadane fekk oss til å ville halde fram, fortel ein glad ysterisjef.

– Det er viktig når me hamnar i ei slik krise at kjedene faktisk har hjelpt oss. Den jobben Meny no har gjort er heilt formidabel. Likeins at Coop viser handlekraft og i full fart før påske tar tak og får lokalmaten ut i fleire av butikkane. Det gjorde dei på sparket, seier Aasen.

Ho har små, nystarta bedrifter i tankane i desse dagar.

– Me har halde på i 22 år, så me har ein trygg grunnmur å stå på. Eg er meir uroa for dei som er nystarta utan eigenkapital, seier Aasen.

– No som alle oppmodar om å kjøpe norsk så trur eg folk skjønnar det. Skal me ha landbruk i Noreg, skal me ha spesialitetar og litt annleis produkt så må me kjøpe dei i slike tider, seier Aasen.

Planlegg sommaren

Enn så lenge held gardsbutikken deira ope. Der har dei hatt god trafikk, seier Aasen, men alle kundane har respektert smittevernstiltaka. Dei har sprita hender på veg inn, og dei har venta på trappa viss det er andre i butikken.

– Me har hatt bra trafikk i gardsbutikken no. Spriting gjer folk ordentleg. Det er ingen som juksar med det, seier Aasen.

Aasen fortel at ysteriet og resten av nærings- og reiselivet i Inderøy har sett seg saman virtuelt og planlagt sommaren.

– Me som bur i Bygde-Noreg har ein fordel no. Me bur spreidd, men me har mange overnattingsplassar og mykje plass rundt oss. Folk er vane til å køyre frå stad til stad. Det me må gjera no er å legge til rette for at det blir trygt og at det kan fungere trass i koronaen. Me trur det blir mange som vel noregsferie i år. Me må syte for at me spreier folket og får gode opplevingar. Området er godt tilrettelagt for familieferiar, seier Aasen.

Neste artikkel

Utviklingsfondet: – Må velge mellom sult eller korona