Puschmann trur reiserestriksjonane kan gi folk moglegheit til å sjå på Norge som eit ferieland, og håper sommaren vil få folk til å utvide den geografiske horisonten. Sjølv skal han bruke sommaren på å reise rundt i Norge på ulike prosjekt.
– Eg skal reise rundt på land og strand, og det gler eg meg til. Det er så mange flotte stadar og fine menneske der ute.
Tilbakeblikk
Han ska òg levere til Nationen, gjennom NIBIO sitt prosjekt «Tilbakeblikk – norske landskap i endring». Bildeserien går i Nationen for 16. år på rad. I tidlegare utgåver har han mellom anna skrive om og fotografert lynghei i Norge og jordbruk og samferdsel. Du kan sjå fleire av dei tidlegare bilda her.
Han har besøkt alle kommunane i landet, før samanslåinga. Det viktigaste ferietipset han har, er å ta bakvegane.
– Ikkje ta dei mest openberre vegane. Om du skal frå Austlandet til Vestlandet er det mange som køyrer gjennom Telemark, Valdres eller Hallingdal, medan det òg er høg opplevingsverdi i meir ukjende Nummedal.
Overnattingsstader og flybillettar er vanlegvis dyrare når det nærmar seg ferie enn resten av året, også under koronakrisa. Puschmann trur ikkje det blir eit problem med tanke på Norge som eit framtidig ferieland.
– Mange meiner det er for dyrt i Norge, men ein familie kan fort bruke opptil 60.000 kroner på ei sydenferie.
Han held fast på at dei beste ferie- og opplevingsstadane ligg utanfor allfarveg.
– Lofoten, Geiranger og liknande kan vere faremoment i sommar, det kan bli overbefolka på dei mest populære stadane. Det er fleire plassar enn desse som har mykje å by på, og der er det ikkje sikkert prisen blir skrudd opp heller, seier Puschmann.
Lokal aktivitet og lokalt liv
Til sist har han ei siste oppmoding til alle som skal ut å reise i sommar.
– Det er mest truleg mykje spennande i ditt eige distrikt. Dersom du skal ha heimeferie, finn ut kva ditt eige område har å by på. I nabolaget, eller andre lokale bedrifter som treng økonomisk støtte i denne tida.
– Reis rundt i ditt eige land, bli kjend, og bli stolt.