I jordbruksavtalen har Norges Bondelag og regjeringa blitt einige om fleire grep på mjølkekvotar.

Bondelaget fekk ikkje gjennomslag for å innføre maks 10 års utleigetid på kvotar, men organisasjonen fekk støtte for to andre grep som etter planen skal føre til at bønder på sikt skal eige meir av kvotegrunnlaget sjølv.

Varslar skattekutt

Bønder som i dag sel mjølkekvotar frå bruk i drift risikerer å få opp mot 50 prosent skatt på gevinsten.

Etter ein del år med utleige vil gevinsten med dagens reglar derimot bli skattlagt som kapitalinntekt og ein skattesats på 22 prosent.

Samla sett stimulerer reglane til meir utleige, ifølgje Bondelaget, som tok til orde for endringar.

«Salg av kvote skal beskattes som kapitalinntekt», skreiv dei i kravet til jordbruksoppgjeret.

Som eit ledd i jordbruksforhandlingane har regjeringa varsla at dei vil føreslå endringar på det punktet.

I sluttprotokollen frå forhandlingane viser partane til eit brev frå finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Der går det fram at regjeringa vil legge fram eit forslag i samband med statsbudsjettet for 2024 om at «gevinst ved isolert realisasjon av melkekvote, ikke skal inngå i personinntektsgrunnlaget».

«I forbindelse med budsjettet for 2024 tar jeg sikte på å fremme et lovforslag for Stortinget om at gevinst ved isolert realisasjon av melkekvote ikke skal inngå i grunnlaget for personinntektsberegning. Gevinsten vil da bli beskattet som kapitalinntekt med satsen for alminnelig inntekt», står det mellom anna i brevet.

Forslaget inngår som eit av vilkåra for jordbruksavtalen.

«Som følge av at forhandlingene om jordbruksoppgjøret pågår, bør forslaget gjøres kjent slik at det kan være en del av rammebetingelsene i forbindelse med forhandlingene», står det vidare.

Skattesatsen kan dermed i praksis bli meir enn halvert ved sal av kvote frå gardsbruk i drift.

Bondelaget er nøgd med at sal og utleige av mjølkekvotar skal sidestillast skattemessig.

«Fram til nå har det vært mer gunstig å leie ut enn å selge, så vi er glade for dette grepet i det kommende statsbudsjettet», uttalte leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, til Nationen etter avtalen blei lagt fram.

Kan selje alt privat

Eit anna grep partane er einige om er at inntil 100 prosent av kvotemengda skal kunne seljast privat i omsetningsrundane i 2023 og 2024.

Deretter ønsker partane å gå tilbake til dagens regler.

«Fra og med omsetningsrunden 2025 går man tilbake til dagens regelverk, der inntil 60 pst. av kvotemengden som ønskes solgt, kan selges privat», skriv dei.

Utover skatteendring og 100 prosent privat omsetning i to år er partane einige om at kvotereglane bør ligge fast framover.

«Partene er enige om at kombinasjonen av de to justeringene som beskrives ovenfor vil bidra til å oppfylle målsetningen om å øke andelen eid kvote, og at det fremover er viktig å gi næringen forutsigbarhet. Partene mener derfor at regelverket for kvoteordningen bør ligge fast», skriv partane.

Lågare kvotetak

Kvotetaket er partane også einige om å redusere.

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) opplyste på pressekonferansen at partane er einige om å redusere kvotetaket frå dagens 900.000 liter til 700.000 liter på kumjølk og 350.000 liter på geitemjølk.

– Dei som har høgare leveringsrett per 1.1. 2024 får vidareført denne. Mjølkeprodusentar som er i prosess med å utvide produksjonen vil bli omfatta av ei overgangsordning, seier Borch.

Forslag til overgangsreglar vil bli lagt fram til hausten.

«Detaljene i nytt kvoteregelverk, inkl. overgangsordningen for melkeprodusenter som er i prosess med å utvide produksjonen, sendes på høring i løpet av høsten 2023 med ordinær høringsfrist, og vil gjelde fra 1.1.2024», heiter det.

Partane er òg einige om at Landbruksdirektoratet skal vurdere om det er mogleg å innføre ei avgrensing på kjøp av kvote over produksjonstaket. Ei slik endring vil eventuelt kunne gjelde frå omsetningsrunden 2024, heiter det.