I ei bacheloroppgåve med namn «Utbredelsen av halebiting i norsk slaktegrisproduksjon» frå Nord Universitet i fjor går det fram at det blir registrert langt meir halebiting på griser enn før. Ifølgje oppgåva fekk to prosent av slaktegrisene merknad for halebiting i 2012 medan prosenten auka til 7,8 for dei fire første månadene i 2016.

Tala i oppgåva kjem frå bransjeorganisasjonen Animalia. Oppdaterte tal frå Animalia viser ein vidare vekst i merknader for halebiting, som var på 8,2 prosent for alle slakta griser i heile 2016 og 9,1 prosent så langt i 2017.

– For høg førekomst

Fagdirektør i Animalia, Ola Nafstad, seier ein del av den registrerte veksten i halebiting kan kome av auka merksemd rundt dyrevelferd blant kontrollørane på slakteria og at registreringa har blitt betre enn før.

– Om den reelle veksten i førekomsten er så stor som tala indikerer skal eg vere forsiktig med å konkludere med, men at det har vore ein auke i halebiting er sannsynleg. Førekomsten av halesår er uansett for høg. Vi har ein nullvisjon og næringa jobbar med tiltak for å få ned førekomsten, seier Nafstad.

Les også: Norsvin vil ha obligatorisk dyrlegebesøk hos svinebønder

Halebiting blir ifølgje Nafstad rekna som ein indikator på at forholda ikkje er som dei skal i fjøset. Faktorar som luft, fôr, rotemateriell og plass verkar inn. Nationen skreiv i helga at bønder òg melder at grisane har blitt meir aggressive etter omlegging av avlen siste åra.

– Kan endra genetikk medverka til meir halebiting?

– Vi har ikkje belegg for å seie det. Den nye grisen er meir aktiv og vital med betre morseigenskapar og fleire overlevande grisungar. Om baksida er at den er meir tilbøyeleg til halebiting er ein hypotese, seier Nafstad.

Les også: Trur meir aggressiv gris kan gi meir skadar

Han viser til stor eksport av norske grisegen og at Norge er eit av svært få land der det av dyrevelferdsgrunnar er totalforbod mot å klippe av halen på grisen, såkalla kupering, som blir gjort for å motverke halebiting.

– I resten av verda er det å kupere halen svært utbreidd, nær obligatorisk. EU har også innført eit forbod i prinsippet, men der er det unntak som inntreffer omtrent alltid, seier Nafstad.

Les også: Fire av ti grisebønder i EU bryter loven

I bacheloroppgåva er det omtalt at 99 prosent av grisene i Irland til dømes er halekupert.

Halesår er ei av årsakene til at griseslakt kan bli kassert. Tala for kasserte griseslakt er halvert frå 0,8 til 0,4 prosent på 15 år, noko Nafstad meiner peiker motset veg av veksten for halesår.

Stiller spørsmål ved avl

I bacheloroppgåva, som er skriven av Jenny Olstad og Hallvard Sundal, blir det stilt spørsmål om endringane i avlen har medverka til meir halebiting.

«Vi tror dette kan komme av at fokuset på svineavlen hele tiden er rettet mot en stadig mer produktiv gris, det kan da kan ligge ugunstige korrelasjoner på noen egenskaper. I tillegg er fokuset hele tiden er rettet mot økt produktivitet, og at man i dette jaget glemmer visse egenskaper som er viktige for det dyrevelferdsmessige perspektivet», skriv dei.

– Ingen påvist samanheng

Ifølgje Norsvin kjem 25 til 30 prosent av slaktegrisene i 2016 og 2017 frå den nye grisen, den såkalla TN70-purka. Dei avviser ikkje at avl kan spele inn på halebiting, men seier andre faktorar er viktigare.

– Vi avviser ikkje at genetikk kan spele inn, men genetiske variasjonar forklarar generelt berre 10 til 30 prosent av forskjellar i åtferd. Eg kjenner ikkje til at det er påvist ein samanheng mellom aggressivitet og produktivitet på grisen, seier administrerande direktør Olav Eik-Nes i Norsvin.

– Har de lagt for lite vekt på dyrevelferd i avlen?

– Vi har over 40 eigenskapar i avlsmålet. Mange er knytt til helse og dyrevelferd. Vi jobbar med forsking på halebiting for å sjå om vi kan gjere noko genetisk eller på andre måtar for å få ned førekomsten, seier Eik-Nes.

Les også: Norsvin: – Dei nye grisene må få rett stell til rett tid

Han seier det er svært uheldig om det stemmer at førekomsten av halebiting har auka og viser til at miljøet i grishusa med alt frå strø og fôring til plass òg kan verke inn.

– Vi må unngå å spekulere i årsaker. Tiltaka vi set inn må bygge mest mogleg på fakta, ikkje på tru og kjensler, seier Eik-Nes.