Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Willfred Nordlund (Sp) blir leiar av næringskomiteen

Willfred Nordlund, Nordland, blir leiar av næringskomiteen på Stortinget.

Willfred Nordlund (Sp) blir leiar av næringskomiteen på Stortinget. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Willfred Nordlund (Sp) blir leiar av næringskomiteen på Stortinget. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Han tek med det over vervet etter partikollega Geir Pollestad (Sp) som går til finanskomiteen og har blitt parlamentarisk nestleiar for partiet.

Det var Nettavisen som først skreiv om saka.

Nordlund (33) vart vald inn som fast representant på Stortinget førre perioden, og vart attvald i år. Før det var han vararepresentant i to periodar.

− Eg ser fram til å ta fatt på vervet og jobbe saman med resten av komiteen, Stortinget og regjeringa for å sikre og utvikle arbeidsplassar i bygd og by, nasjonalt eigarskap og berekraftig norsk matproduksjon og ein framtidsretta industri, seier Nordlund i ei pressemelding.

Annonse

Nordlund har før han vart stortingspolitikar arbeidd som drosjesjåfør, avløysar og økonomileiar for eit TV- og produksjonsselskap, står det også i pressemeldinga.

Han skriv også at ambisjonen er å utvikle næringslivet gjennom mellom anna å forenkle skjemaveldet norske verksemder møter og styrke vekstfremjande ordningar.

– Hurdalsplattforma er tydeleg på det, og at vi skal bruke musklane i staten til å utvikle ny norsk grøn industri. Næringskomiteen blir ein viktig arena for å få fleirtal på Stortinget for saker som kan betre den norske handelsbalansen, seier Nordlund.

Med seg inn i næringskomiteen får Nordlund partikollegaene Jenny Klinge frå Møre og Romsdal og Per Olav Tyldum frå Nord-Trøndelag.

Neste artikkel

Vedum lovet 10 milliarder til klimafond – gir ingenting