Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Verneplanar vekkjer kritikk

Miljødirektoratet og fylkesmennene i landet bryt lova og tek ikkje nok omsyn til kva lokale kommunar meiner i arbeidet med å utvida vernestatusen til viktig natur her i landet, meiner Utmarkskommunenenes sammenslutning (USS).

Håkon Helgøy ventar at det blir skikkelege høyringsrundar der kommunar og lokalbefolkninga får seia kva dei meiner om verneområde og nasjonalparkar. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I eit brev til Klima- og miljødepartementet kjem organisasjonen med sterk kritikk av måten staten har gått fram på i arbeidet med forslaget til nye verneområde og nasjonalparkar.

Ifylgje avisa Strandbuen inneheld dette forslaget til saman 275 nye område. Desse skal vera valde ut etter at fylkesmennene på oppdrag frå Miljødirektoratet hadde peikt ut 1.300 område som kunne vera aktuelle for vern.

Når Utmarkskommunenes Sammenslutning reagerer, er det fordi mange av kommunane i dei aktuelle områda ikkje har blitt tekne med i arbeidet.

Dette er i strid med både Naturmangfaldslova og rundskriv Klima- og miljødepartementet sjølv har sendt ut, meiner samanslutninga.

Annonse

I brevet peikar dei på at heile 81 av dei 97 medlemskommunane til samanslutninga har område som er peikt ut for mogleg vern, og at eit stort fleirtal av desse kommunane ikkje har blitt involverte i prosessen.

I Hjelmeland kommune inneber forslaget ifylgje avisa at rundt ein tredel av kommunen kan bli verna som nasjonalpark. Framgangsmåten vekkjer sterke kjensler lokalt.

– Retningslinjene til staten er klare på at dette skal forankrast lokalt frå dag éin. Dette har ikkje skjedd. Heile prosessen har blitt køyrt gjennom utan høyringar, og det har ikkje vore nokon informasjon undervegs, seier Håkon Helgøy (KrF) som til ganske nyleg har vore kommunen sin representant i Utmarkskommunenes Sammenslutning.

Når saka no skal ut på høyring, ventar han at det blir skikkelege høyringsrundar der kommunar og lokalbefolkninga får seia kva dei meiner om saka.

Assisterande miljøvernsjef hjå Fylkesmannen i Rogaland, Per Kristian Austbø, seier på si side at vernegrensene førebels er grove skisser med aktuelle verneverdiar og at det må ein grundig prosess til i samråd med både kommunar og andre lokale aktørar før det eventuelt blir fastsett endelege vernegrenser.

Neste artikkel

USS: – Nye rovviltregioner er brudd på både forlik og regjeringserklæringen