Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vedum rasar mot nytt sentraliseringstiltak frå regjeringa

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2020 å overføre skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten frå 1. juni neste år.

– Regjeringa har ingen grenser for kor mange tenester og arbeidsplassar som skal sentraliserast vekk frå folk, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Siri Juell Rasmussen
– Regjeringa har ingen grenser for kor mange tenester og arbeidsplassar som skal sentraliserast vekk frå folk, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Siri Juell Rasmussen

Med det forsvinn 237 lokale skattekontor, og alle stillingane som i dag er kommunale, blir flytta inn under den statlege forvaltninga.

– Regjeringa har ingen grenser for kor mange tenester og arbeidsplassar som skal sentraliserast vekk frå folk, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Frå før har Høgre og Frp lagt ned lensmannskontor, skattekontor og Nav-kontor i heile landet, og seinast førre veke kom forslaget om å legge ned tingrettar og ta vasskraftinntekter frå kommunane. I dag kom nyheita om at over 200 skatteinnkrevjingskontor i heile landet skal sentraliserast, seier Vedum.

Finansminister Siv Jensen (Frp) presenterte budsjettet i Stortinget måndag. Ho slo fast at det no vil bli 56 sterke fagmiljø over heile landet.

«Meir effektiv»

Alle kommunar har i utgangspunktet eigne innkrevjingskontor, men mange kommunar har valt å samarbeide om innkrevjinga.

Annonse

– Regjeringa foreslår å overføre skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten. Det skal gjere innkrevjinga meir effektiv, enklare for næringslivet og publikum og dessutan styrke innsatsen mot svart økonomi og arbeidslivskriminalitet, heiter det i budsjettforslaget.

Tiltaket blir nemnt blant hovudprioriteringane til Finansdepartementet.

– Høgre og Framstegspartiet har ikkje lært noko av valet, der folk gav tydeleg beskjed om at dei ikkje vil ha meir stordrift og sentralisering. Det første regjeringa gjer, er likevel å sentralisere endå meir. Det er så arrogant at eg har nesten ikkje ord, seier Vedum.

Stemt ned i 2015

I 2014 foreslo regjeringa å redusere talet på skatteoppkrevjingskontor frå 288 til omkring 30 og gjere skatteoppkrevjinga til ei statleg oppgåve. Men forslaget fekk ikkje fleirtal i Stortinget.

Bodskapen var den gongen at tiltaket over tid kunne redusere talet på tilsette med rundt 500 og spare statskassa for fleire hundre millionar kroner.

Skattedirektøren har vore opptatt av at ei reform som den regjeringa no på nytt foreslår, kan vere eit viktig grep i kampen mot svart økonomi.

Neste artikkel

Kommuner taper millioner på at staten overtar skatteoppkreving