Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utval: – Helseregionane bør bestå

Eit fleirtal i Kvinnsland-utvalet anbefaler å vidareføre eit regionalt avgjerdsnivå i spesialisthelsetenesta og å vidareføre helseregionane slik dei er i dag.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (th) og professor Stener Kvinnsland i plenumsalen torsdag før framlegginga av utvalsrapporten om sykehusorganiseringa i Norge. Utvalet er leda av professor Stener Kvinnsland. Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (th) og professor Stener Kvinnsland i plenumsalen torsdag før framlegginga av utvalsrapporten om sykehusorganiseringa i Norge. Utvalet er leda av professor Stener Kvinnsland. Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix

Det sa leiar i utvalet professor Stener Kvinnsland då han torsdag overleverte rapporten frå utvalet til helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

13 av 16 medlemmer i utvalet meiner at ein styringsmodell med regionalt avgjerdsnivå legg det beste grunnlaget for å vidareføre prinsippet om regional planlegging og dimensjonering av spesialisthelsetenesta. I utvalet er det også fleirtal for å legge om eigedomsforvaltninga, blant anna ved å innføre ei ordning med kostnadsdekkande husleige.

Utvalet har greidd ut modellar for organisering og styring av spesialisthelsetenesta, eigarskap av sjukehusa, inndeling av helseregionar og eigarskap og forvaltning av bygg.

Under presentasjonen sin sa Kvinnsland at kvaliteten på helsetilbodet i Noreg i dag generelt er god og at økonomien er under kontroll, men også at det ligg utfordringar i befolkningsveksten.

Annonse

– Spesialisthelsetenesta og sjukehusa er grunnleggjande for velferdssamfunnet vårt, og korleis dei er organiserte og styrte er viktig for tilbodet pasientane får, seier Høie.

Arbeidet frå utvalet skal no ut på høyring. (©NPK)

Neste artikkel

Å styrke ungdomsorganisasjoner utenfor Oslo er en tjeneste for demokratiet