Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ujamn fordeling av listetoppar til fylkestingsvalet

15 av 17 listetoppar på val til fylkestinget i nye Vestland fylkeskommune kjem frå Hordaland. I den nyskipa fylkeskommunen Viken er også fordelinga av toppkandidatar ujamn. Det kan påverka valdeltakinga, meiner forskar.

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Ved fylkestingsvalet i haust får veljarane eit første møte med dei 11 nye fylkeskommunane som trer i kraft i januar 2020. I fleire av desse nye fylkeskommunane er fordelinga av toppkandidatane ujamn mellom dei gamle fylka.

I det nye Vestland fylkesting skal det veljast 65 representantar. I dag har Hordaland 57 og Sogn og Fjordane 31 representantar. Det inneber at det nye fylket får 23 representantar færre enn dei to fylka har til saman i dag.

Berre to av femten parti stiller med listetoppar frå Sogn og Fjordane – Kristeleg Folkeparti og Venstre. To tredelar av listetoppane frå Hordaland er frå Bergen.

Tviler på mobilisering

Professor Oddbjørn Bukve ved Høgskulen på Vestlandet tvilar på at den nye fylkesstrukturen vil mobilisera veljarar.

– Det er ein del indikatorar som peikar i retning av ei låg deltaking, seier Bukve til Nynorsk pressekontor. Sogn og Fjordane har berre 20 prosent av innbyggjartalet til Hordaland. Det kan forsterka inntrykket av at ein som innbyggjar i Sogn og Fjordane har liten innverknad, og at det ikkje spelar så stor rolle om ein røystar eller ei, seier han vidare.

Ved førre fylkestingsval i 2015 røysta 56 prosent av norske veljarar. I 2011 var valdeltakinga på 60 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I 1979 var det same talet 71 prosent.

Bukve peikar på at deltakinga har vore låg på grunn av den lange avstanden mellom folk og fylkesnivået. Professoren, som forskar på kommunereforma, meiner dei nye oppgåvene som er ført over til fylka, ikkje vil freiste veljarane til stemmeurnene.

– Fylka har ikkje fått nye oppgåver som har gjort dei interessante for veljarane. Det er ei lang liste oppgåver, men dei fleste er ubetydelege, seier Bukve.

– Sogn og Fjordane visnar vekk

Saman med distriktskontoret til NRK har fylkeskommunen vore viktig for at ein i det heile har kunne snakka om eit Sogn og Fjordane, meiner Bukve.

– Sogn og Fjordane står i fare for å visna vekk som ei eining, seier Bukve. Han peikar vidare på at kommunane har oppgåver som er viktigare for kvardagen til folk.

– Det verkar å vera ei større interesse i dei samanslåtte kommunane enn i dei samanslåtte fylka. Ein kan slik sett forventa ein større grad av mobilisering og protestval på kommunenivå, meiner Bukve.

Bukve minner om at det var brei politisk semje i Sogn og Fjordane om å slå seg saman med Hordaland.

Førebels har verken blå (Høgre, Frp, KrF og Venstre) eller raud (Ap, Raudt, Sp og SV) blokk fleirtal i Vestland, viser tal frå Poll of polls.

Professor Oddbjørn Bukve ved Høgskulen på Vestlandet tvilar på at den nye fylkesstrukturen vil mobilisera veljarar. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Akershusdominans i Viken

Annonse

Noreg får seks nye fylkeskommunar i 2020, og talet på fylke blir redusert til elleve. I samanslåinga mellom Troms og Finnmark har konfliktnivået vore høgt. Også nye Viken, som vil bestå av Buskerud, Akershus og Østfold, har vorte ein heit potet. Folk i Hemsedal i nord og Halden i sør skal ha same folkevalde på fylkesnivå.

– Østfold og Akershus er mest ulike kvarandre, medan det er større grad av samsvar i partipreferansane til veljarane i Akershus og Buskerud og i Buskerud og Østfold, har Yngve Flo, forskar ved Uni Research Rokkansenteret, tidlegare sagt til NTB.

Fordelinga av listetoppane til partia viser at 10 av 18 kjem frå Akershus. Buskerud og Østfold har fire kvar. Både Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet Dei Grøne, Senterpartiet og Venstre har nominert folk frå Akershus på topp.

Ei måling frå tidlegare i august viser at Sp er partiet som veks mest i Viken, og bidrar til at den raude blokka har fleirtal.

Johan Giersten i nettstaden Poll of polls peikar på at det er særleg tankevekkjande at Østfold fylkeskommune hadde under 50 prosent oppslutnad ved førre val.

– Det har vist seg vanskeleg å få opp deltakinga i lokalvalet. Deltakinga har falle jamt i fylkestingsvalet sidan det blei innført direkte val i 1975, seier han.

Tilsynelatande jamt i Vestfold og Telemark

Fordelinga av listetoppar er jamnare mellom dei nye fylkespartnarane Vestfold og Telemark, viser listene frå partia. Sju av listetoppane kjem frå Vestfold, medan åtte kjem frå Telemark.

– Det trur eg heng saman med at dette er meir relativt jamstore partnarar enn i dei andre samanslåingane, seier Bukve.

Likevel har fleire av dei største partia, som Arbeidarpartiet, Høgre, KrF, Sp og SV, nominert folk frå Telemark på topp. Det gir ei ujamn fordeling trass eit balansert inntrykk.

Ei fylkestingsmåling frå i sommar er ei av fleire målingar som antydar at det kan bli eit val med større lokale variasjonar enn vanleg, ifølgje Poll of polls.

Teikn til lågare deltaking

Dagleg leiar Thore Gaard Olaussen i Respons Analyse i Bergen meiner det er vanskeleg å vite korleis fylkestingsvalet blir farga av aktuelle saker og den skeive fordelinga av listetoppar i nye fylke.

Uvissa kring deltakinga i valet og oppslutnaden om partia i år er særleg knytt til at bompengepartiet stiller lister fleire stader. Men partiet stiller ikkje lister i alle fylke.

– Bompengesaka kan føra til mobilisering i dei fylka der partiet stiller lister. Ein kan også få ein del skuffa veljarar i dei fylka der bompengepartiet ikkje stiller lister, seier Olaussen til Nynorsk pressekontor.

I tida før valet er det fleire av oss som får spørsmål om kva me vil stemma 9. september. Om lag 70 prosent av oss svarer på meiningsmålingar når telefonen ringjer. Det er høgare enn deltakinga i kommune- og fylkestingsvalet.

– Generelt er delen som oppgir partireferanse ikkje høgare no, snarare tvert om. Det kan indikera at ein får same eller lågare deltaking enn ved førre val, seier Olaussen.

(©NPK)

Dagleg leiar Thore Gaard Olaussen for Respons Analyse i Bergen er spent på korleis den skeive fordelinga av listetoppar slår ut på deltakinga i valet og oppslutnaden om partia. Foto: Hans Wilhelm Gullestad / Nor PR

Neste artikkel

Den store sjansen