Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

SV under sperregrensa på ny måling

SV slit på meiningsmålingane. Partileiar 
Audun Lysbakken lovar eit tydelegare parti.

Slit på målingar: SV har på fleire meiningsmålingar det siste året hamna under sperregrensa. Partileiar Audun Lysbakken håpar å snu trenden. Foto: Siri Juell Rasmussen
Slit på målingar: SV har på fleire meiningsmålingar det siste året hamna under sperregrensa. Partileiar Audun Lysbakken håpar å snu trenden. Foto: Siri Juell Rasmussen

Med 3,6 prosent hamnar SV på nytt under sperregrensa. Det syner ei politisk meiningsmåling Norfakta har utført for Nationen og Klassekampen i september. Det er den åttande målinga på eitt år der partiet hamnar under 4 prosent.

– Me må bli tydelegare. SV sitt hovudproblem er at me mista mykje tydelegheit og dialog med veljarane gjennom regjeringsåra. Me er godt i gang med å gjenopprette det, men det er framleis kort tid etter regjeringsskiftet, seier Lysbakken.

Han avviser at det er krisestemning i partiet.

– Me ligg stabilt rett under valresultatet frå i fjor. For vår del er det så små tal at det er vanskeleg å sjå nokon tendens. Eg opplever stemninga i SV som god og kampklar, men korkje partiet eller eg er nøgde med å liggje der me ligg, seier Lysbakken.

– Vanskeleg for SV

Politisk redaktør i Bergens Tidende, Frank Rossavik, seier det er logisk at det er vanskeleg for SV i Noreg.

– Noreg er eit av verdas rikaste land, med små sosiale skilnader. Det gjer det vanskeleg å ha eit sosialistisk parti. Samstundes er SV sitt problem at dei har ein stor nabo som lett tiltrekkjer seg moderate venstreorienterte veljarar, seier Rossavik.

Les også: Høyre gjør kraftig byks på augustmåling

Han seier det etter kvart er få grunnleggjande skilje mellom Ap og SV som fristar veljarane til å bli i SV.

– Ap har til og med byrja å prate om klima på ein annan måte enn før. SV kan på kort sikt håpe på at regjeringa blir upopulær, og at Ap ikkje heilt klarar å få gevinst av det, seier Rossavik.

Mista veljarar til Ap

Lysbakken seier at hovudgrunnen til SV har falle er at veljarane gjekk til Ap då SV sat i regjering.

«Korkje partiet eller eg er nøgde med å liggje der me ligg.»

Annonse

– Når me no er attende i opposisjon blir skilnadene tydelegare, ikkje minst i miljø- og klimapolitikken og flyktningpolitikken. Det handlar om politikk, og er ikkje quick-fix, seier Lysbakken, og nemner tre område som blir viktige for å byggje auka oppslutning:

– Den raude kampen mot skilnader og for fellesskapsløysingar, den grøne kampen for Noreg ut av oljealderen, og den feministiske kampen for likestilling.

Lite politisk konflikt

Målinga elles syner små endringar for partia. Ap går fram 0,2 prosentpoeng til 36,2 prosent, Høgre går fram 0,6 prosentpoeng til 25,2 prosent og Frp får 15,3 prosent som er fram 0,3 prosentpoeng frå augustmålinga.

– Det er absolutt inga endring på målingane. Legg ein gjennomsnittet for målingane dei siste tolv månadene til grunn er det ingen avvik på denne målinga, seier valforskar ved Universitetet i Tromsø, Marcus Buck.

Han peiker på at det ikkje er saker oppe i den politiske debatten som evnar å flytte veljarar mellom partia.

– Det er lite konfliktlinjer, og ingen saker som skjer gjennom, heller ikkje lærarstreiken flytter på veljarar. Samstundes er det mange som saker som ikkje blir drøfta, som til dømes EU-spørsmålet. Når slike saker kjem på dagsorden vil veljarane byrje å bevege seg, seier Buck.

Lysbakken trur biletet vil endre seg i tida framover.

– Den nye regjeringa har sete så kort tid at dei ikkje har nådd å gjera noko endå. Det neste året vil bli annleis, og den politiske debatten vil få meir temperatur, seier han.

Les også: Ap mest frem på augustmåling

Neste artikkel

Om monarki og demokrati