Det er NRK Hordaland som melder om dramatikk nesten eit døgn etter at vallokala stengde.
Nestleiar i Venstre, Terje Breivik er no inne på direktemandat og ikkje utjamningsmandat. Utjamningsmandat vil derimot gjere at Nils T. Bjørke (Sp) kan slå følgje med Kjersti Toppe inn til Oslo.
Stortingsrepresentant Kjersti Toppe var listetopp for Hordaland Senterparti ved årets Stortingsval, Bjørke stod som nummer to på lista.
Les også: Desse var Sp-arane meiningsmålingane trudde kom til å få stortingsplass
Terje Knutsen, valforskar ved Universitetet i Bergen, seier til distriktssendinga at Bjørke var inne fleire gonger i går kveld, men ute i dag, før han så i ettermiddag var attende på Stortinget.
Bjørke sjølv seier til distriktssendinga at han valnatta slo frå seg tanken om stortingsplass då det såg ut til at det var Venstre som fekk utjamningsmandatet.
Bjørke vart ved kommunevalet i 2015 valt inn i kommunestyret i Voss. Han stod i utgangspunktet på femteplass på lista, men personstemmer og slengarar fekk han opp på 4-plass og inn i kommunestyret. Bjørke vart også valt inn i fylkestinget i Hordaland.