Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sp kan komme på vippen i nesten heile landet

Senterpartiet kan hamne på vippen i ti av elleve fylke etter valet i haust. – Eit draumescenario for Vedum, seier valekspert.

To månader før valet, kan Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum glede seg over utsikter til å hamne i vippeposisjon i så godt som alle fylka. Arkivfoto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Oslo er det einaste fylket der Sp må sjå langt etter nokon strategisk eller mektig posisjon, viser ei oversikt VG har sett saman. Medan partiet kjempar for å få eitt mandat i hovudstaden, kan det bli tunga på vektskåla i resten av fylka.

– Det er den optimale situasjonen for Vedum. Det er eit draumescenario, seier Johan Giertsen i Poll of polls. Eit godt val følgt av forhandlingar der dei får utnytta eventuelle vippemoglegheiter kan gi partiet langt meir makt, meiner han.

– Er det noko dei er gode til, så er det å forhandle. Skal ein forhandle med Sp, kan ein ikkje legge seg valnatta. Då er det berre å lesse på med kaffi og vere klar.

Annonse

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum står fast ved Ap som partnar på landsbasis, men lokalt kan partiet samarbeide i fleire retningar og konstellasjonar.

– Det er ikkje sånn at norsk politikk enten er Ap eller Høgre. Det må vere sakene som er avgjerande. Vi har tillit til dei lokale, og det er dei som må ta dei avgjerdene, seier Vedum til avisa.

I dag har Sp to fylkesordførarar og sit i posisjon i 12 av 19 fylke.

(©NPK)

Neste artikkel

Rovviltnemnder vil fortsatt skyte tre ulveflokker innenfor ulvesonen