Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sokndal kan få den yngste ordføraren nokosinne

KrF blir største parti i Sokndal i Rogaland. Førstekandidat er 21 år gamle Jonas Andersen Sayed, som slik kan bli den yngste ordføraren Noreg har hatt nokon gong, melder NRK.

KrF endar med 26,4 prosent av stemmene i Sokndal. NRK erfarer at Andersen Sayed blir ordførar.

– Det er ikkje 100 prosent sikkert. Men vi er største parti, så vi har jo gode sjansar, seier han til NTB.

– Resultatet i seg sjølv er jo fantastisk. Det er over all forventning, held han fram.

Andersen Sayed føler seg klar til å ta fatt på oppgåva.

Annonse

– Eg føler at det kan vi få til. Vi har fått eit sterkt mandat, og om det går vegen, skal vi saman med dei andre partia klare å finne gode løysingar for kommunen, seier han.

21-åringen var berre 17 år då han vart vald inn i kommunestyret for første gong. Han er busett i Stavanger, der han studerer statsvitskap, men seier ifølgje NRK at han vil flytte heim om han blir ordførar.

Andersen Sayed er leiar i Rogaland KrFU, men vil snart fråtre, ifølgje NRK.

Den som har tittelen noregshistoria sin yngste ordførar i dag, er Kåre Martin Kneppe, som sidan 2015 har vore ordførar for Høgre på Tysnes i Hordaland.

Neste artikkel

Nå er Sp småkongene av Trøndelag