Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Saksøker staten for manglande råderett over naturen

Dei nordnorske kommunane Beiarn og Bardu saksøkjer staten fordi dei ikkje har same råderett over naturen som kommunar lenger sør i landet.

Ole Petter Nybakk, rådmann i Beiarn kommune i Nordland, som igjen saksøker staten fordi fjellova ikkje gjeld i Nordland og Troms. Foto: Janne Grete Aspen
Ole Petter Nybakk, rådmann i Beiarn kommune i Nordland, som igjen saksøker staten fordi fjellova ikkje gjeld i Nordland og Troms. Foto: Janne Grete Aspen

Det er Beiarn i Nordland som på eit kommunestyremøte denne veka vedtok å saksøke staten.

– Det er ein alvorleg urett og forskjellsbehandling at departementet meiner at fjellova ikkje gjeld i Nordland og Troms, sjølv om Høgsterett la det til grunn i 1991, seier fungerande ordførar André Kristoffersen (Sp) i Beiarn til NRK.

Med seg i søksmålet får Beiarn Bardu kommune i Troms og Finnmark.

Der er ikkje saka behandla i kommunestyret enno, men ordførar Toralf Heimdal seier til NRK at det er sikkert fleirtal for saka.

Fakta

Fjelloven

LOV 1975-06-06 nr 31 Lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova)

Lov | Dato: 06.06.1975

Fjelloven gir regler for forvaltning av statsallmenningene. Loven regulerer retten til allmenningsbruk, regler for valg og drift av fjellstyrer og saksbehandlingsregler hvor det fattes enkeltvedtak. I tillegg omhandler loven forvaltning av de fleste grunneierrettighetene som beite, seterdrift, jakt og fiske.

Fjelloven er delt mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Klima- og miljødepartementet har ansvar for lovens kapitler XI og XII.

Kilde: regjeringen.no

Fjellova gir lokale styresmakter råderett over land og vatn som staten eig, og retten til inntektene som statsallmenninga genererer.

I Nordland og Troms utgjer statsgrunnen nesten halvparten av landarealet, men i motsetnad til fylka lenger sør i landet, gjeld ikkje fjellova her. I Finnmark er det Finnmarksloven som regulerer råderetten til land og vatn.

Annonse

Når fjellova ikkje gjeld, går inntektene frå jaktrettar, fiskerettar og hytteutleige på statsgrunnen ut av landsdelen.

Bjørnar Brændmo, næringssjef, og fungarande ordførar André Kristoffersen (Sp), meiner det er urettvist at nordnorske kommunar ikkje får inntektene frå statsgrunnen, som sørnorske kommunar får. Foto: Janne Grete Aspen
Bjørnar Brændmo, næringssjef, og fungarande ordførar André Kristoffersen (Sp), meiner det er urettvist at nordnorske kommunar ikkje får inntektene frå statsgrunnen, som sørnorske kommunar får. Foto: Janne Grete Aspen

Beiarn kommune har tidlegare gått til sak mot staten om fjellova, og fekk i 1991 medhald i Høgsterett om at lova skulle gjelde også for Nordland og Troms.

Men saka stoppa med dommen, og ingen ting har blitt endra.

Det er Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet som er forvaltarar at fjellova.

Både Høgre og Senterpartiet har programfesta at fjelloven skal gjelde også i Troms og Finnmark, utan at det har ført til endringar.

Spørsmålet har med jamne mellomrom vore oppe i Stortinget. Sist var tidlegare i år, då Sps Siv Mossleth gjennom stilte eit skriftleg spørsmål til landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Hanne Alstrup Velure er leiar i Utmarkskommunanes samanslutning (USS), og også sentralstyremedlem i Høgre.

Ho seier til NRK at tida er overmoden for å gjere noko med den urettvisa det er at dei to fylka ikkje har dei inntektene lokalt som fylke lenger sør har.

Leiar i Utmarkskommunenes sammenslutning (USS) Hanne Alstrup Velure (H). Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Leiar i Utmarkskommunenes sammenslutning (USS) Hanne Alstrup Velure (H). Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Neste artikkel

Nådde ikkje jordvernmålet: Nedbygginga opp to år på rad