Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rutekutt i Sogn og Fjordane skapar sinne

Sinne i Førde og jubel i Florø etter at Widerøe endrar flyrutene. - Fullstendig uakseptabelt, seier ordførar.

Rutekutt: Ruteendringane til Widerøe skapar sinne i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK
Rutekutt: Ruteendringane til Widerøe skapar sinne i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

– Rutekuttet blei oppdaga av nokon som skulle bestille ein billett, seier dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling til Firda.

Frå 1. april blir 09.10-avgangen til Oslo fjerna og erstatta med ein avgang klokka 11.05. Ordførarane i Gaular, Førde og Fjaler kommunar og næringslivet i området er forbanna etter at ruteendringa kom, og ikkje minst fordi dei ikkje fekk noko signal frå Widerøe.

Annonse

– Dette er fullstendig uakseptabelt. Endringa er heller ikkje til å forstå når me veit at 09.10-avgangen er ei av dei mest populære rutene til Oslo frå Førde lufthamn. Avgangen er veldig viktig for næringslivet og eit godt alternativ til dei som ikkje treng å reisa klokka 06.30, seier Gaular-ordførar Mathias Råheim (H). Han er også leiar i interesseutvalet for Førde lufthamn, Bringeland.

Medan rutetilbodet blir endra i Førde, blir det utvida i Florø, blant anna til Bergen, skriv NRK.

– Eg må seie at eg er godt nøgd med det, spesielt med tanke på at me i haust fekk signal om at me kunne risikera færre ruter. No har me faktisk fått fleire ruter, og eit langt betre flytilbod, spesielt til Bergen. Desse endringane Widerøe har gjort, viser tydeleg at dei satsar i Florø, seier ordførar Ola Teigen til Firda.

Neste artikkel

Flytoget advarer: Kan bli nedlagt dersom nytt togtilbud vedtas