Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Røe Isaksen: – Overturismen byr på store utfordringar fleire stadar

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner talet på turistar visse stadar i Noreg har blitt så stort at det blir meir snakk om utfordringar enn moglegheiter.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner det er fleire utfordringar vi må løyse for å unngå masseturisme. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner det er fleire utfordringar vi må løyse for å unngå masseturisme. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Torsdag tar han imot tips frå turistnæringa og reiselivskommunar for å finne ut korleis ein kan få bukt med overturismen.

– Dette møtet blir arrangert for at vi skal kunne snakke saman og utveksle erfaringar, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen under møtet om overturisme i Nærings- og fiskeridepartementet torsdag.

I innleiinga si oppfordra Røe Isaksen turistnæringa, reiselivsorganisasjonar og representantar frå turistkommunar til å komme med innspel til korleis ein betre kan leggje til rette på nasjonalt plan.

Annonse

– Det er fleire utfordringar vi saman må løyse. Mange destinasjonar har framleis rom for å ta imot fleire tilreisande, men fleire stadar har talet på tilreisande no blitt så stort at det er meir snakk om utfordringar enn moglegheiter, sa Isaksen.

Han peika på fleire utfordringar med overturisme.

– For det første kan det vere vanskeleg å handtere så store mengder tilreisande, som det no har komme fleire stadar i Noreg. For det andre kan masseturismen vere ei belastning på miljøet. Kulturverdiar, som dei tilreisande i utgangspunktet er der for å sjå på, kan bli forringa og øydelagde, sa han.

Representantar frå fleire turistkommunar skal komme med innspel til ministeren. Deriblant representantar frå Geiranger og Aurland.

Neste artikkel

Her kommer Norges første kulturlandskapshotell