Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordmange førehandsstemmer før lokalvalet

Over 500.000 nordmenn har førehandsstemt før kommune- og fylkestingsvalet. Aldri før har så mange gitt stemt éi veke før lokalvalet.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) er nøgd med at mange førehandsstemmer. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix / NPK

Totalt førehandsstemte 585.000 før lokalvalet i 2015. Det ligg dermed an til at talet vil bli passert før fristen for førehandstemming går ut, melder NRK.

Annonse

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) er positiv til valfridommen førehandsstemming gir veljarane.

– Enkelte synest det er greitt å få det unna, medan andre synest det er høgtideleg å gjere det på sjølve valdagen. Det å ha fleksibilitet er viktig viss vi skal halde oppe stor valdeltaking og viss vi skal greie å auke han ved lokalvala, seier Mæland.

Det er mogleg å førehandsstemme til kommune- og fylkestingsvalet til og med fredag 6. september.

Neste artikkel

Støre: Mye oppløftende ved valget