Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa vil sikre levekåra til villreinen

Regjeringa vil etablere ei kvalitetsnorm for villrein. Dette skal leggje grunnlaget for ei betre og meir treffsikker forvaltning. Norma skal bidra til at vi sikrar overlevinga av villrein i Noreg.

Noreg har den største bestanden av villrein i Europa. Foto: NTB scanpix / NPK
Noreg har den største bestanden av villrein i Europa. Foto: NTB scanpix / NPK

– Kvalitetsnorma vil gjere at vi får betre kunnskap slik at forvaltninga av villrein blir meir føreseieleg og einsarta. Villreinen møter i dag mange utfordringar som over tid truar overlevinga til arten. Særleg utfordrande er «bit for bit»-utbygginga som sakte, men sikkert, øydelegg livsgrunnlaget til villreinen, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i ei pressemelding.

Annonse

Hovudlinjene i forslaget er at det kvart femte år skal vurderast om kvart av Noregs 24 villreinområde har god, middels eller dårleg kvalitet. Klassifiseringa skal gjerast av ei ekspertgruppe med kompetanse på villrein og arealbruk. Målet i kvalitetsnorma er villreinområde med minst middels kvalitet.

– Størstedelen av villreinen i Europa lever i Noreg, og vi har derfor eit særleg ansvar for å ta vare på den. Kvalitetsnorma vil bidra til at vi når nasjonale målsetjingar og internasjonale forpliktingar om levedyktige bestandar av villrein i Noreg. Regjeringa har sett av fire millionar kroner til dette i neste års budsjett, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Neste artikkel

Mange reinsdyr døyr av menneskeskapt sjukdom