Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa vil lytta til reaksjonar på postomlegginga

– Vi ser at det blir for dyrt å halda oppe posttenestene slik dei er i dag, men vi vil lytta til alle som blir påverka av det nye postforslaget, seier statssekretær Tommy Skjervold (Frp) i Samferdselsdepartementet.

Reaksjonar: Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) i Samferdselsdepartementet lovar at departementet vil lytta til alle som blir ramma av det nye postforslaget. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Reaksjonane i mediebransjen har vore sterke etter at det blei kjent at departementet føreslår at det frå 2020 kan bli postombering berre annankvar dag i heile landet. Generalsekretæren i Landslaget for lokalaviser, Rune Hetland, fryktar det kan blir dødsstøyten for mange lokalaviser.

Statssekretæren avviser at departementet ønskjer å ramma dei minste avisene.

– Vi har ingen agenda om å ramma lokalavisene, men vi ser at det blir for dyrt å halda oppe posttenestene slik dei er i dag, seier Skjervold til Nynorsk pressekontor.

Han strekar under at forslaget skal ut på høyring og forsikrar at departementet vil lytta til signala som kjem frå alle som blir ramma av forslaget.

Det nye postforslaget

* Inneber at postomdelinga kan blir endra frå fem dagar til annakvar dag i heile landet.

* Omlegging vil tidlegast bli innført frå 2020.

* Regjeringa reknar med å spara opp mot ein milliard kroner på omlegginga.

* Ordninga med post i butikk blir ikkje ramma.

* Regjeringa opnar også for å påleggja Posten å tilby postkassar ved alle faste ekspedisjonsstader. Dette meiner departementet vil sikra dagleg utlevering av postsendingar.

Les også: Sp uenige i regjeringens nye postforslag

– Har ikkje råd

Skjervold forsvarar likevel forslaget og viser til at vi sender stadig mindre brevpost, og at meir og meir av kommunikasjonen skjer digitalt. Resultatet er at tenestene til Posten blir meir og meir ulønsame. Ifylgje statssekretæren går den leveringspliktige postomdelinga til Posten i dag med underskot.

– Vi har ikkje råd til å bruka hundretals millionar kvart år for å halda oppe eit tilbod når vi ser at marknaden og etterspurnaden går drastisk ned, seier han.

Dei siste fem åra har regjeringa ifylgje Skjervold brukt rundt ein milliard kroner på å halda oppe ulønsame tenester for Posten.

– Må tilpassa oss ein ny kvardag

Statssekretæren meiner alle må tilpassa seg ein ny digital kvardag, og seier regjeringa arbeider på spreng for at alle skal kunna ta del i det digitale samfunnet.

– Vi ser også at lokalavisene i stadig større grad tek i bruk internett og digitale avisabonnement. Det er no berre tusen eller to tusen husstandar som ikkje har eit minimumstilbod om digital tilgang for å kunna lesa aviser, logga seg inn i nettbank og liknande tenester, seier han.

Skjervold seier regjeringa vil leggja til rette for at dei siste hola i breibanddekninga blir tetta så snart som mogleg slik at ein oppnår 100 prosent dekning.

– Dette vil mellom anna skje gjennom statlege tilskot. I 2018 er det løyvd rundt 150 millionar kroner til dette.

Les også: Fryktar for nynorske aviser

Nei til geografisk delt løysing

I arbeidet med det nye postforslaget har departementet sett på fire ulike alternativ. Eitt av forslaga gjekk ut på å halda fram med postutdeling som i dag i grisgrendte strøk, men redusera talet på postdagar til annankvar dag i byar og tettbygde strøk. Departementet konkluderte med at dette blei for dyrt.

– Alternativet med å halda oppe fem dagars postutdeling i distriktet og kutta ned i byane, løyser ikkje dei økonomiske utfordringane, seier Skjervold.

Annonse

Han forklarer at dei største kostnadane og dei største innsparingane er knytte til postutdeling i distriktet.

– Fordi kostnadane er så pass høge, og fordi marknaden blir meir og meir digital, har vi valt å leggja oss på ei løysing med postutdeling 2,5 gonger i veka og ikkje differensiera mellom by og bygd.

Les også: KrF vil sjå på løysing med flest postdagar i distrikta

– Ikkje nedprioritering av distrikta

Statssekretæren er klar over at forslaget vil påverka folk i distriktet som er vande med å få avisa i postkassen kvar dag eller på faste dagar.

– Desse ønskjer vi å lytta til i den høyringa vi har ute, seier han.

– Betyr ikkje det at de no lagar eit system som passar i sentrale strøk og at distriktet blir nedprioritert?

– Eg er ikkje einig i at distrikta blir nedprioritert. Vi ønskjer ein lik praksis i heile landet, og så har det sine fordelar og ulemper å bu i distriktet, men generelt er regjeringa oppteken av at ein skal ta heile Noreg i bruk.

Les også reportasje om kutt i laurdagsdistribusjonen frå 2016: «Det er ydmykende for oss som bor her. Vi er ikke verdt det, på en måte»

Ifylgje høyringsnotatet til regjeringa er det maksimalt 30.000-35.000 eldre og rørslehemma i grisgrendte strøk som truleg ikkje har tilgang til alternativ til Posten til ein overkommeleg pris og heller ikkje har digital kompetanse.

Stortinget avgjer

– Det blir gong på gong peikt på at postomdelinga er for dyr, og at ein må spara, men kva er det overordna målet?

– Det overordna målet er å sikra rasjonell bruk av pengane til skattebetalarane våre. Vi ser er at marknaden for fysisk post har stupt, men kostnadane er der framleis. Det betyr at vi er nøydde til å tilpassa tilbodet etter etterspurnaden, seier Skjervold.

– Men det finst også andre omsyn og eit lovpålagt krav om at folk har rett til post fem dagar i veka?

– Ja, og dersom vi vel å stå fast på postomdeling 2,5 dagar i veka etter at høyringa er avslutta, må saka sendast til Stortinget, og det må gjerast ei lovendring. Det er difor ikkje noko som er endeleg, seier Tommy Skjervold.

Fristen for å koma med høyringsmerknader til det nye postforslaget er 6. april.

Neste artikkel

Sp: – Postloven blir ikke endret i år