Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa vernar 28 skogområde

Ytterlegare 28 viktige skogområde blir naturreservat etter vernevedtak i statsråd fredag.

Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik / NTB scanpix
Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Mange trua artar lever i dei aktuelle skogområda. Regjeringa er med fredagsvedtaket snart halvvegs til målet om vern av 10 prosent av skogarealet i Noreg, ifølgje ei pressemelding frå Klima- og miljødepartementet.

Annonse

– Skogvern er eit svært viktig tiltak for å verne norsk naturmangfald. Det finst ni trua naturtypar og meir enn 1.100 trua artar i skogane i Noreg. Hundrevis av insektarter, sopparter og enkelte fuglar er avhengige av død ved og gammal skog. Det er derfor viktig at vi vernar dei viktigaste skogareala, seier statsråd Ola Elvestuen (V).

Vernevedtaket omfattar til saman rundt 80 kvadratkilometer nytt verneareal med 56 kvadratkilometer produktiv skog. Sidan 2013 er løyvingane til skogvern meir enn dobla og ligg no på totalt nesten 2,4 milliardar kroner.

Neste artikkel

Om høvleri på strender og høyhus langs Mjøsa