Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Raudt ber Dale vurdera makspris for ferjer

Stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes (R) ber samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) vurdera om det bør innførast ein makspris på ferjer langs fylkesvegane.

Bjørnar Moxnes (Raudt) har sendt spørsmål til samferdsdelsminister om det bør vurderast å innføra makspris på ferjer lands fylkesvegane. 
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Bjørnar Moxnes (Raudt) har sendt spørsmål til samferdsdelsminister om det bør vurderast å innføra makspris på ferjer lands fylkesvegane. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Det kjem fram i eit skriftleg spørsmål Moxnes har sendt til samferdselsministeren.

I grunngjevinga peikar Moxnes på at det i dag ikkje er noko regulering av kva ein ferjebillett kan kosta på ferjesambanda fylkeskommunane har ansvar for. Han viser også til at det har vore ein kraftig auke i ferjetakstane fleire stader sidan årsskiftet, mellom anna i Nordland og Møre og Romsdal som er dei største ferjefylka i landet.

Moxnes minner samtidig om at ferjene er svært viktige for busetjing og verdiskaping langs kysten, og at mange er avhengig av ferje for å koma seg til jobb, fritidsaktivitetar og for å kunna nytta seg av ulike offentlege tilbod.

Annonse

Samtidig peikar han på at fylkeskommunane har fått overført stadig fleire oppgåver utan at tilskota har auka tilsvarande. Dette gjeld mellom anna mange vegar og ferjer som tidlegare var riksvegar og riksvegferjer. Moxnes meiner resultatet av dette er at dei folkevalde i fylkeskommunane anten må kutta i viktige tenester, eller auka prisane for å få budsjettet til å gå opp.

Han peikar vidare på at riksvegferjene må følgja Riksregulativet for ferjetakstar og dermed har ein makspris avhengig av kor langt ferjestrekket er, medan det ikkje finst tilsvarande reglar for ferjene langs fylkesvegane.

– Det er i dag inga regulering av kva ein ferjebillett kan kosta på ferjestrekka fylkeskommunen har ansvar for, skriv Moxnes.

Samferdselsminister Jon Georg Dale har førebels ikkje svart på spørsmålet.

Neste artikkel

Fisken eies av folket