Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Partiet Sentrum vil inn på Stortinget

Sentrum er eit nytt tilskot til den partipolitiske floraen i Noreg. Partiet har henta ei rekke røynde politikarar frå veletablerte parti og vil stille med stortingslister i alle valkrinsane framfor valet i haust. Fleire av partistiftarane er klare på at stortingsplass er eit mål.

Tidlegare fylkesleiar Dag Sele i Hordaland KrF er blant dei som no er medlem i Partiet Sentrum. Sele seier Sentrum er eit parti som tydeleg viser at framtida er like viktig dom notida. Foto: Marit Hommedal / NTB/ NPK
Tidlegare fylkesleiar Dag Sele i Hordaland KrF er blant dei som no er medlem i Partiet Sentrum. Sele seier Sentrum er eit parti som tydeleg viser at framtida er like viktig dom notida. Foto: Marit Hommedal / NTB/ NPK

– Vi treng eit parti som har som hovudmål å skape ei berekraftig verd, og som kan medverke til at Noreg bidrar til dette fri frå band til ulike interesseorganisasjonar, svarer Sentrumspolitikar Tom Sverre Tomren på spørsmål frå Nynorsk pressekontor om kvifor han har valt å bli del av det nye partiet.

Tidlegare MDG-politikar Tom Sverre Tomren er no med i Partiet Sentrum. Han meiner ein treng eit parti som har som hovudmål å skape ei berekraftig verd. Foto: Partiet Sentrum
Tidlegare MDG-politikar Tom Sverre Tomren er no med i Partiet Sentrum. Han meiner ein treng eit parti som har som hovudmål å skape ei berekraftig verd. Foto: Partiet Sentrum

Tomren, som bur på Osterøy utanfor Bergen, er førsteamanuensis og prest og forskar til dagleg på miljøetikk, utdanning og berekraft, bistand og likestilling. Tomren har tidlegare hatt verv i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og forklarer partibyte med at partiet utvikla seg i ei retning som etter kvart vart umogleg å kombinere med menneskesynet hans.

– Leiaren tok for eksempel til orde for aktiv dødshjelp, ungdomspartiet fekk støtte av mange då dei ville utvide abortgrensa og liberalisere bioteknologiloven. Partiet er òg ein pådrivar for ei aggressiv sekularisering som mellom anna inneber å nedvurdere rolla og plassen kristendommen har i samfunnet. Eg var også skeptisk til den store entusiasmen som mange i partiet viste for tekniske løysingar på miljøproblema – som for eksempel vindkraft.

Likte ikkje høgrevridinga i KrF

Fleire tidlegare KrF-politikarar har valt å bli ein del av Sentrum. Blant dei er Dag Sele som både har vore del av sentralstyret i KrF og fylkesleiar for KrF i Hordaland.

– Sentrum fokuserer ikkje først og fremst på kva som er bra for meg, men kva som er best for fellesskapet og ikkje minst for dei som kjem etter oss. Vi treng eit parti som er tydelege på at dei andre er like viktige som oss og at framtida er like viktig som notida, seier Sele til NPK.

Han legg ikkje skjul på at det var retningsvalet KrF gjorde når dei inngjekk regjeringssamarbeid med Frp som gjorde at han valde å melde seg ut.

– Eg opplevde at KrF forlèt sentrumsposisjonen sin då dei så tydeleg viste at det framleis ikkje var modent for å prøva regjeringssamarbeid mot sentrum-venstre, men heller valde å inkludera ytste høgre fløy i regjeringssamarbeid. Eit slikt samarbeid har vist seg å bidra til fleirtal for såpass mange Frp-prioriteringar og såpass mange gonger mot nestekjærleiken at det klarte eg til slutt ikkje kjenna meg medansvarleg for, fortel han.

Sentrumspolitikaren peikar på nestekjærleik og berekraft som viktige element i virket hans som politikar.

– Det inneber saker som handlar om likeverd og mangfald, som til dømes asylpolitikken og kampen mot utanforskapen. Og det inneber ikkje minst kampen for klimaet og miljøet. Vi treng eit blokkuavhengig parti som legg omsynet til komande generasjonar til grunn for all politikk, både ein grøn næringspolitikk, eit forbruk som kloden toler og eit samfunn som har plass for alle.

Basert på menneskerettar

Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Fjord i Møre og Romsdal har fartstid frå KrF. Han slutta seg til Sentrum fordi dei balanserer fridomen til individet og sosialt medansvar. Foto: Partiet Sentrum
Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Fjord i Møre og Romsdal har fartstid frå KrF. Han slutta seg til Sentrum fordi dei balanserer fridomen til individet og sosialt medansvar. Foto: Partiet Sentrum

Også Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Fjord i Møre og Romsdal har fartstid frå KrF. Han slutta seg til Sentrum fordi dei balanserer fridomen til individet og sosialt medansvar.

– Sentrum baserer politikken sin på menneskerettar i staden for særinteresser, seier han.

Annonse

Ravn Stavseng forlèt KrF fordi han opplevde at medlemmene der tok med seg konservative teologiske standpunkt inn i politikken.

– Eg har ikkje noko imot at folk har slike synspunkt, men opplever at det vart vanskeleg i ein politisk kontekst. Eit anna viktig poeng er at eg synest partiet i for liten grad la vekt på dei aukande økonomiske forskjellane i samfunnet.

Sentrumspolitikaren trekker spesielt fram tre viktige enkeltsaker som er viktige for han.

– For meg er målsak, likestilling for menneske med nedsett funksjonsevne og utvikling av nye næringar som kan erstatte oljeeventyret viktige saker, seier han.

Ambisjonar om stortingsmandat

Sentrum skal stille lister i alle valkrinsane i ved stortingsvalet i haust. Både Sele og Tomren har håp om at det nyetablerte partiet kan klare å få ein representant på Stortinget.

– Det hårete målet for partiet er å passere sperregrensa. Personleg tenker eg at vi gjer det godt om vi får inn ein representant på Stortinget og at vi får vist at vi er eit parti å rekne med i alle fylke. Kvar person som stemmer på oss bidrar til at vi får stemmestøtte. I neste omgang vil dette avgjere om vi har ressursar til å ta over kommunestyre og fylkesting, seier Tomren.

Sele meiner oppstartsfasen av det nye partiet har gitt mykje medvind og inspirasjon.

– Med tanke på kor godt prioriteringane våre blir mottekne er det er naturleg å ha som mål å koma inn på Stortinget. Vi meiner det er eit klart realistisk mål at eit blokkuavhengig parti med våre prioriteringar på sikt skal kunna etablera seg som eit mellomstort parti. Vi veit ikkje kor lang tid det tek, men vi har så sterk tru på ideane bak partiet at vi skal bruka den tida det tek å byggja det opp. Og i første omgang er målet å få så stor oppslutnad som mogleg i dette valet. Det gir oss eit best mogleg grunnlag å byggja vidare på til neste val.

Tidlegare Ap-politikar Geir Lippestad er leiar for Partiet Sentrum. Arkivfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Tidlegare Ap-politikar Geir Lippestad er leiar for Partiet Sentrum. Arkivfoto: Berit Roald / NTB / NPK

Også Ravn Stavseng ønskjer seg stortingsrepresentasjon frå Sentrum.

– Eg har ingen personlege ambisjonar ved stortingsvalet, men håpar på og vil arbeide for at vi får minst eitt mandat, seier han.

Truleg kjem listene snart

Partiet Sentrum opplyser til Nynorsk pressekontor at dei fleste fylkesorganisasjonane er eller vil bli stifta no i februar. Der blir det òg valt nominasjonskomitear som byrjar arbeidet med listene fram mot stortingsvalet.

6. februar blei Vestland Sentrum stifta med Stein Robert Osdal som leiar. Fylkeslaget i Møre og Romsdal er stifta med Tomas Trogstad som leiar og fylkeslaget til Rogaland Sentrum skal stiftast 20.februar - der er Gaute Brækken innstilt som leiar.

(©NPK)

Neste artikkel

Rask heving av inntekta kan gi bismak for bønder