Heiberg, som er leiar i Oslo MDG, skriv i eit Facebook -innlegg onsdag kveld at årsaka er at det er krevjande å kombinere vervet som leiar i Oslo og samtidig vere toppkandidat i Sogn og Fjordane.
Ho skriv at ho ønskjer å gjere ein god jobb der ho stiller, og at det er avgjerande for partiet å gjere eit godt val i hovudstaden.
Det var NRK som først omtalte saka.
Heiberg er frå Kaupanger i Sogndal kommune. Ho er òg bystyrerepresentant i Oslo.
(©NPK)