Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lokalvalet gav kvinnerekord

Aldri før har det vore så mange kvinnelege ordførarar i Noreg. Det er òg kvinnerekord i kommunestyra, ifølgje SSB.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Delen kvinnelege ordførarar har meir enn fordobla seg dei siste 20 åra, ifølgje statistikkbyrået. No er 35 prosent av ordførarane i landet er kvinner.

I kommunestyra er det no 40,5 prosent kvinnelege politikarar, ein framgang på 1,5 prosentpoeng sidan førre val.

I 32 kommunar er det attpåtil eit fleirtal av kvinner. Det er òg rekordhøg kvinnedel i formannskapa.

Annonse

Sjølv om Arbeidarpartiet gjekk tilbake i kommunevalet, er det framleis dette partiet som har flest representantar og ordførarar. Senterpartiet har nest flest ordførarar.

Gruppa menn mellom 40 og 70 år er overrepresenterte i kommunestyra samanlikna med delen dei utgjer i veljarmassen. 25 prosent av dei røysteføre er menn i denne aldersgruppa, men over 40 prosent av representantane høyrer til denne kategorien.

Menn under 40 år som ikkje har fullført vidaregåande skule, er underrepresenterte. Det er òg i denne gruppa at valdeltakinga er lågast.

SSB-statistikken viser at delen representantar med innvandrarbakgrunn er omtrent den same som etter førre val. 3 prosent av kommunestyrerepresentantane er anten innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre.

Neste artikkel

Kommunevalget i 2019: Kjønn og alder ble byttet ut med geografi