Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Leiarar i Fagforbundet rår mot Sp-støtte

Fleire fylkes- og regionsleiarar i LOs største forbund, Fagforbundet, fryktar at Sp vil samarbeide med høgresida, og rår medlemmene sine mot å støtte partiet.

Leiar Mette Nord i Fagforbundet seier ho forstår fylkes- og regionsleiarane fordi Sp aldri kom med ei stadfesting på at dei ønsker raudgrønt samarbeid lokalt. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Fagforbundet er den største bidragsytaren til Senterpartiet, og har inn mot valkampen i haust bidratt med 1,25 millionar kroner i valkampstøtte og 1 million i driftsstøtte.

Men no ber fleire fylkes- og regionleiarane medlemmene sine om å ikkje stemme Sp i kommunevalet i haust, skriv Aftenposten.

Ifølgje kartlegginga til avisa gir fylkeslaga i Oslo, Trøndelag, Vestfold, Telemark, Hordaland, Hedmark, Oppland, Akershus, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal uttrykk for stor skepsis eller motstand mot Sp. Medan berre 5 av totalt 17 regionar er tydelege på at dei ikkje vil rå mot å støtte partiet.

Annonse

– Vi har hatt fleire møte med Sp og bede dei ta eit klart val, for at vi skal kunne oppmode medlemmene våre til å stemme raudgrønt. At dei ikkje har kunna gjort det hittil, gjer oss veldig usikre, seier leiar Ørjan Myrmel i Fagforbundet i Hordaland.

Mette Nord, leiar i Fagforbundet, seier til Aftenposten at ho forstår leiarane fordi Senterpartiet aldri kom med ei stadfesting på at dei ønsker raudgrønt samarbeid lokalt.

Sp ligg førebels svært godt an på målingane, og ifølgje Kommunal Rapports siste ordførarprognose ligg partiet an til å bli det klart største ordførarpartiet etter valet i haust.

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum har sagt at dei har som mål å gjere det beste kommuneval nokon gong til hausten.

Neste artikkel

Aftenposten: Sp-profiler skattet ikke av feriedøgn før studietur