Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvar tredje veljar i Vestland er påverka av bompengeopprøret

Bompengar påverkar kvar tredje veljar når dei skal røyste i nye Vestland fylke.

I Bergen svarar 40 prosent at bompengar kjem til å påverke kven dei stemmer på i kommune- og fylkestingsvalet, medan Hordaland totalt ligg på 28 prosent. Foto: Marit Hommedal / NTB Scanpix / NPK
I Bergen svarar 40 prosent at bompengar kjem til å påverke kven dei stemmer på i kommune- og fylkestingsvalet, medan Hordaland totalt ligg på 28 prosent. Foto: Marit Hommedal / NTB Scanpix / NPK

Av spurde veljarar i Vestland fylke seier 32 prosent at bompengeopprøret har noko å seie for kven dei vil stemme på når dei no skal stemme i kommune- og fylkestingsvalet, viser ei undersøking NRK har gjennomført.

Annonse

Knut Inge Andersen, som er leiar i Folkeaksjonen Nei til meir bompengar Vestland, seier at den økonomiske belastninga naturlegvis vil skape engasjement.

– Dette har vorte eit problem som gjer at folk må snu og vende på privatøkonomien sin. Det får større konsekvensar enn det gjerne styrande politikarar har villa ta inn over seg, seier han.

Undersøkinga frå NRK viser store skilnader mellom by og land. I Bergen er talet på veljarar som er påverka av problemet heile 40 prosent, medan Hordaland totalt ligg på 28 prosent, og Sogn og Fjordane på 19 prosent.

Neste artikkel

Fleire unge politikarar fekk plass i kommunestyret