Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kua skaper splid mellom partia

Medan MDG vil kutte i forbruk og produksjon av kjøt, meiner Sp at husdyrhald ikkje er eit problem for klimagassutsleppet i landet.

Medan MDG vil kutte kjøtproduksjon og -forbruk med ein tredjedel for å nå klimamålet, meiner Sp at husdyrhald ikkje er problemet med klimaproblema. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Under folkemøtet i Flåm stilte Arild Hermstad (MDG) og Marit Arnstad (Sp) til debatt, der mellom anna utslepp frå landbruket vart diskutert, skriv NRK. Hermstad meiner vi må kutte produksjon og forbruk med ein tredjedel, medan Arnstad meiner utsleppet frå husdyrhald ikkje er eit problem.

– Dersom vi reduserer husdyrhaldet og kjøtproduksjonen i Noreg, vil vi redusere beitinga. Då vil vi sjå fjordar og dalar som gror att. Det er eit feilspor i norsk klimapolitikk å angripe beitedyra, sa Arnstad.

Annonse

MDG meiner mindre produksjon av kjøt og import av fôr er naudsynt.

– Det store perspektivet er at vi må ete mindre kjøt. Dersom nordmenn og resten av verda reduserer kjøtkonsumet sitt er det bra for helsa, arealforbruket og klimagassutsleppa, sa Hermstad.

FNs klimapanel har slått fast at utslepp frå husdyrhald er ein av fleire årsaker til klimaendringane. Husdyrhald står for om lag 8 prosent av utsleppet i Noreg.

Neste artikkel

Støre: Mye oppløftende ved valget