Kristeleg Folkeparti (KrF) går difor inn for ein anna forankring av allemannsretten enn Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet som begge på landsmøta sine har vedteke å arbeide for å få grunnlovsfesta allemannsretten.
Miljøpartiet dei grøne (MDG) har også på landsmøtet sitt vedteke å grunnlovsfeste allemannsretten. Dei slo det saman med formuleringa om at partiet vil verne om prinsippet om at ferdsel i utmark skal vere gratis.
Også partiet Raudt har vedteke grunnlovsfesting av allemannsretten som ei sak partiet vil jobbe for i komande stortingsperiode.
Venstre har ikkje temaet allemannsretten med i partiprogrammet for 2021 til 2025.
«Hegne om»
I innstillinga frå redaksjonskomiteen til partiprogram for 2021 til 2025, stod det at KrF vil sikre moglegheita til å bruke naturen til aktivitetar som skaper trivsel og berekraftige lokalsamfunn landet over, mellom anna ved å grunnlovsfeste allemannsretten og sørge for bevaring av lokale friluftsområde.
Stortingsgruppa i partiet hadde fremja eit forslag om bytte ut formuleringa «grunnlovsfeste allemannsretten» med «hegne om allemannsretten».
– Ei symbolsak
Det var parlamentarisk leiar Hans Fredrik Grøvan som tok ordet på vegner av stortingsgruppa.
Han sa at allemannsretten står trygt i Noreg.
– Det har blitt ei symbolsak for parti og nokre organisasjonar å få den grunnlovsfesta. Allemannsretten er i dag forankra og innramma i lov om friluftsliv, og det bør den framleis vere.
Stortingsgruppa peika også på at det var uklart kva scenario med inngrep i eigedomsretten og aktivt skogbruk ei grunnlovsfesting på sikt kan føre til.
Det fekk dei landsmøtet med seg på.