Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF vil at Noreg skal vere 50 prosent sjølvforsynt med landbruksvarer

Med ei stemmes overvekt har landsmøtet til KrF vedteke at Noreg skal vere minst 50 prosent sjølvforsynte med jordbruksprodukt.

Skurtresker. Foto: Siri Juell Rasmussen    Korntreskinglandbrukåkerkornåker
Skurtresker. Foto: Siri Juell Rasmussen Korntreskinglandbrukåkerkornåker

Då skal det korrigerast for fôrimport.

Det var Innlandet KrF som langt på dag den siste dagen av det digitale landsmøtet fekk resten av landsmøtet med seg på det forpliktande forslaget.

Så vidt. Til slutt viste søylene 82 mot 83 røyster, men fleirtal for dei som støtta å ta inn det nye punktet som redaksjonskomiteen i utgangspunktet var innstilt på å ikkje ta inn.

Styrka kravet til vern av matjord

Landsmøtet i partiet til dagens landbruks- og matminister skjerpa også statusen til matjord i programmet. I det opprinnelege forslaget stod det at KrF vil sikre matjorda vår, som er den viktige ressursen for å halde oppe norsk matproduksjon, og gi jordvern høg prioritet i prosessar og planlegging både i kommunar, fylke og på nasjonalt nivå.

I forslaget stod det også at det bør takast meir omsyn til dyrkbar jord i arealplanlegginga.

Den formuleringa ville Vestfold og Telemark KrF skjerpe, og fekk landsmøtet med på ei formulering om at årleg omdisponering av dyrka jord skal ned til under 3000 dekar årleg.

Bindingstid for kvoteleige

Annonse

Midt mellom punkta om å sette Innovasjon Norge i stand til å vere med og finansiere utbygginga til lausdrift for å møte utbyggingskravet på det enkelte bruk, og sikre ei raskast mogleg overgang, spesielt for die små og mellomstore bruka, og det om å intensivere innsatsen for økologisk landbruk, fekk landsmøtet på plass eit ny formulering om kjøp og sal av mjølkekvotar.

Det var Vestland KrF som fremja forslaget, og dei fekk landsmøtet med på at KrF vil behalde moglegheita for kjøp, sal og leie av mjølkekvote, men at det skulle innførast ei maksimal utleigetid på 10 år.

— Viktig for å sikre sjølveigande bønder som kan drive føreseieleg, var argumentasjonen frå vestlendingane.

Det var som distriktsnæringa landbruk som fekk merksemd. I dei meir overordna formuleringane for politikken til partiet stod det at dei vil ha eit særleg fokus på landbruk, skogbruk, fiskeri og havbruk som distriktsbaserte næringar med stort vekstpotensial basert på berekraftig utnytting av fornybare ressursar.

Vil skjerpe bu- og driveplikta

Rogaland KrF fekk landsmøtet med seg på å få inn i programmet ei formulering om odelslov og bu- og driveplikt. KrF vil behalde odelslova og stille strengare krav til bu- og driveplikta.

Vestland KrF ville også ha inn ei formulering om oppfølging av lov og god handelsskikk, og sikre ei betre konkurranse i distribusjonen av daglegvarer. Dei ville også styrke konkurransetilsynet og daglegvaretilsynet sitt ansvar for å avgrense uheldige sider ved maktkonsentrasjon i verdikjeda for daglegvarer. Men det ønsket vart avvist med argumentasjonen at det var eit arbeid som alt var i gang.

Neste artikkel

Trenden har snudd for Ap - og Sp