Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan bli vanskeleg med stortingsplass for Rotevatn

Sveinung Rotevatn har sagt at han vil bli leiar i Venstre. Men dersom han blir valt, står Venstre i fare for å ha ein partileiar utan mandat på Stortinget.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) vil bli partileiar i Venstre, men stiller han på lista til Sogn og Fjordane er det ikkje sikkert at han får plass på Stortinget. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) vil bli partileiar i Venstre, men stiller han på lista til Sogn og Fjordane er det ikkje sikkert at han får plass på Stortinget. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Løysinga for Rotevatn kan bli å stille som listekandidat for Oslo Venstre. I 2017 mista Rotevatn eit utjamningsmandat for Sogn og Fjordane til KrF. Sjansane er dermed store for at Rotevatn ikkje får stortingsplass dersom han stiller for heimfylket.

– Det ville vore «gambling», litt bingo å stille derifrå seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen til NRK.

Det kan og vere ei løysing for Rotevatn å stille som førstekandidat i Sogn og Fjordane og Hordaland, men fylkeslaget i Vestland har vedteke at dei to valkrinsane skal ha separate lister.

Annonse

Sveinung Rotevatn har ikkje svara NRK på spørsmål om saka, skriv kanalen.

Valforskaren meiner Rotevatn ikkje bør gå for løysinga å stille for Oslo Venstre.

– Rotevatn har sagt at Venstre skal bli eit 10 prosentparti. Ved å stille frå Oslo signaliserer han at han ikkje har heilt trua på det. Det er litt «pinglete». Det viser at du ikkje har tru på noko særleg meir enn 3 prosent oppslutning, seier Marthinsen.

(©NPK)

Neste artikkel

Investering: Ida (36) går for gull og sølv