Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgres generalsekretær går av

John-Ragnar Aarset har sagt opp stillinga si som generalsekretær i Høgre. 45-åringen har hatt stillinga sidan desember 2015.

John-Ragnar Aarset går av som generalsekretær i Høgre. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK
John-Ragnar Aarset går av som generalsekretær i Høgre. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK

Aarset vil halde fram med å fungere i stillinga ei tid framover, medan partiet leitar etter erstattaren hans.

– Batteriet mitt er definitivt ikkje tomt, men eg erkjenner at det beste for meg sjølv og Høgre er at det kjem inn nye krefter i stillinga som generalsekretær, seier Aarset i ei pressemelding.

Annonse

Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg takkar han for innsatsen,

– Eg vil takke John-Ragnar for den viktige og solide jobben han har gjort som generalsekretær for Høgre. Eg skulle gjerne hatt han med vidare, men har respekt for valet hans, seier Solberg.

Før Aarset tok jobben som generalsekretær, var han mellom anna leiar av Unge Høgre frå 1998–2000, presseansvarleg og sekretariatsnestleiar i Høgres stortingsgruppe frå 2001 til 2004, politisk rådgivar i Kommunal- og regionaldepartementet frå 2004 til 2005 og kommunikasjonsrådgivar for partileiar Erna Solberg frå 2005 til 2008.

Neste artikkel

Høyre-fall på fersk meningsmåling