Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane krev dagleg postlevering

Samferdsledepartementet vil gå frå postlevering kvar dag til annankvar dag. No krev Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane at ein held fram med dagleg postlevering.

Postkutt: Færre utleveringsdagar kan gjere det vanskelegare å sende småpakkar, spesielt prøvemateriale frå legekontor og medisinar til pasientar, ifølgje fylkespolitikarane. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Fylkesutvalet samla seg i eit møte 7. mars etter litt diskusjon om eit vedtak der dei argumenterer for kvifor postombering kvar vekedag er viktig for Sogn og Fjordane – og heile Distrikts-Noreg.

Les også: Regjeringen foreslår post annenhver dag

Vedtaket blir sendt til departementet som høyringsfråsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Dette er ei viktig sak for heile Distrikts-Noreg. Økonomiske omsyn må ikkje vere den einaste grunnen til å gjere endringar. Vi meiner omsynet til behova til innbyggjarane og næringslivet må vege tyngst. Vi etterlyser politisk vilje til å gjere posttenestene meir brukarvenlege, i staden for å stadig ville redusere tenestene til folk som ikkje har andre alternativ, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding.

Annonse

Les også: Mørke skyar over distrikts-avisene

Fylkespolitikarane er særleg uroa for at færre utleveringsdagar kan gjere det vanskelegare å sende småpakkar, spesielt prøvemateriale frå legekontor og medisinar til pasientar.

Distribusjon av lokalaviser er eit anna moment fylkesutvalet trekkjer fram. Færre leveringsdagar kan skape ekstra utfordringar for ein bransje som allereie slit, meiner dei.

Neste artikkel

Rekordbruk av veisalt på norske veier