Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frp bekymra for iskantsignal frå Sp

Framstegspartiet står meir og meir åleine om å vilje flytte iskanten nordover.

Frp er inntil vidare det einaste partiet som ope argumenterer for å flytte iskanten lenger nord. Kvar Høgre står, er ukjent. Iskanten eller «iskantsonen» er eit område i Arktis (bilete) som veksler mellom å vere islagt og bart. Iskanten er eit svært rikt naturområde. Foto: Mostphotos
Frp er inntil vidare det einaste partiet som ope argumenterer for å flytte iskanten lenger nord. Kvar Høgre står, er ukjent. Iskanten eller «iskantsonen» er eit område i Arktis (bilete) som veksler mellom å vere islagt og bart. Iskanten er eit svært rikt naturområde. Foto: Mostphotos

– Eg er frykteleg redd for signalet Senterpartiet no sender, seier energi- og miljøpolitisk talsperson Jon Georg Dale i Framstegspartiet.

Han viser til eit oppslag i Klassekampen torsdag der Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad seier det ikkje er noko rop i partiet om å trekkje iskanten nordover. Ifølgje henne er spørsmålet heller om iskanten skal liggje der han ligg, eller om han i staden skal trekkjast sørover.

Dale spør seg kvar Senterparti-nestleiar Ola Borten Moe har vorte av.

Annonse

– Det er heilt utruleg for meg, som hugsar då Ola Borten Moe var olje- og energiminister, at dei i det heile leflar med tanken på å trekkje iskantsona ned i etablert aktivitet, seier Dale.

Han meiner Stortinget kan leggje til rette for tusenvis av nye arbeidsplassar i distrikta viss iskanten blir flytta lenger nord, medan å trekkje iskanten lenger sør kan true lisensar som allereie er gitt – i område som Sp i si tid var med på å opne.

Frp er inntil vidare det einaste partiet som ope argumenterer for å flytte iskanten lenger nord. Kvar Høgre står, er ukjent.

Borten Moe har ikkje svart på NTBs førespurnader om saka.

Neste artikkel

Sp vil ha med Frp på opprør mot politireformen