Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire unge politikarar fekk plass i kommunestyret

9153 politikarar blei valt inn i kommunestyra i Noreg etter valet i 2019. 130 av dei var under 20 år.

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda meiner klima- og miljøsaka kan ha vore ein stor grunn til at fleire unge blei løfta inn i kommunestyre, skriv NRK Møre og Romsdal.

For fleire av dei nyvalde politikarane har møtet med lokalpolitikken vore ei utfordring.

Annonse

I 2003 blei Jon Georg Dale (Frp) valt inn i kommunestyret i Volda som 19-åring.

Han seier han las sakspapira grundigare enn alle andre, for å ikkje bli tatt for å ikkje kunne fakta.

– Det er viktig at dei unge tør å utfordre dei politikarane som har lenger erfaring, seier Georg Dale til NRK.

(©NPK)

Neste artikkel

Vil bidra til eit betre samfunn