Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Finansministeren vil ikkje seie at forslaget om lakseskatt er dødt

Sjølv om tre av dei fire regjeringspartia har sagt nei til lakseskatt, vil ikkje finansminister Siv Jensen (Frp) stadfeste at ein ny skatt er avvist.

Finansminister Siv Jensen (Frp) seier regjeringa må ta med seg landsmøtevedtaka til Frp, Høgre og Venstre når dei skal drøfte ein eventuell ny lakseskatt. Landsmøta til dei tre regjeringspartia har sagt nei til å innføre ein ny skatt. Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix

Jensen fekk utgreiinga om skatt på havbruk måndag og har sendt den rett på høyring. Utvalet vart sett ned i fjor, på bestilling frå Stortinget. Fleirtalet i utvalet foreslår at laksenæringa må betale ein eigen skatt når dei tener milliardar på å bruke felles havressursar dei i stor grad har fått gratis tilgang til.

Annonse

Medan utvalet har jobba, har både Frp, Høgre og Venstre sagt nei til ein såkalla grunnrenteskatt. Men Jensen viste til den formelle prosessen då ho vart beden av SVs Torgeir Knag Fylkesnes om å klargjere om det er mogleg å sjå for seg at regjeringa går inn for ein skatt.

– Det er formelt sånn at ein statsråd svarer for Stortinget, ikkje for landsmøte. No har Stortinget bedt om eit utval. Det er bedt om at regjeringa kjem tilbake med ei sak om dette i 2020. Kva innhaldet i saka blir, har ikkje regjeringa tatt stilling til.

Ho legg likevel til at regjeringa «må ta med seg» landsmøtevedtaka i regjeringspartia når saka skal drøftast.

Neste artikkel

Norske laksegiganter etterforskes for prissamarbeid i USA