Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fem fylke nektar å ta over statlege hamner

Dei nordlegaste fylka går til felles protest mot Samferdselsdepartementet. Dei vil ikkje signere avtalen med staten om å ta over statlege fiskerihamner.

Dei nordlegaste fylka går til felles protest mot Samferdselsdepartementet og statsråd Jon Georg Dale. Foto: Lars Bilit Hagen

Eigarskapet til alle statlege fiskerihamner skal givast til norske fylkeskommunar frå 1. januar, ifølgje oppgåvefordelinga vedtatt i regionreforma, melder Trønder-avisa.

Direkte uansvarleg, skriv Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark i eit felles brev til Samferdselsdepartementet.

I brevet kjem det fram tre hovudgrunnar til at fylka ikkje vil vere med på avtalen. Fylka meiner dei får for lite pengar til å ta seg av hamnene. Dei vil berre ta over aktive hamner. Og fylka nektar å overta hamner med usikre grunneigarforhold.

Annonse

I det foreslåtte statsbudsjettet for 2020 er det sett av 120,5 hamne-millionar til fordeling mellom dei fem fylka, slik dei tolkar forslaget. Det meiner dei er for lite.

Staten og Kystverket eig drygt 500 fiskerihamnanlegg. Men det blir berre drive aktiv fiskerinæringsverksemd i 323 av desse.

Brevet til Samferdselsdepartementet er datert 31. oktober, men er ikkje sendt. Tysdag skal fylkespolitikarane i Sør-Trøndelag ta stilling til dei om dei skal sende brevet.

Det er ikkje avklart kva som skjer dersom staten ikkje klarer å lande avtalar om overtaking med alle fylka innan 1. januar.

Neste artikkel

Troms og Finnmark vil oppløse seg selv